Sagbruk

1
Sagbruket slik det stod på Røbekk i Molde.

Endeleg skal det bli sagbruk på Hoem igjen. Det skulle vore for 20 år sia men, men.

Det heile byrja med ein prat eg hadde våren 2008 med Eirik Undlien. Vi prata ei stund om laust og fast, og kom etter kvart innpå handtverk og sagbruk. Då kunne Eirik overraskande fortelle at onkelen hans, Tønnes Røbekk på Molde, hadde eit sagbruk i bra stand som han skulle kvitte seg med. Eirik trudde det var vekk-lova, men han ville undersøke nærmare. Så etter eit par veker kom den gledelege beskjeden: Eg skulle få det 60-år gamle sagbruket gratis, mot at eg demonterte saga og huset, og fjerna det i løpet av mai månad. »Det står berre i vegen her no», meinte Tønnes. Og i løpet av april-mai vart jobben gjordt av Jørn, Kjell, Even og meg.

No står saga på lager, og planen er å bygge den opp att på la-plassen ved hundepensjonatet, i det flotte området ved kulturbeitet, gamlevegen, brua og kvernhuset. Det går også ein fin tursti her, oppover langs elva og opp til øver Hoem.

25
Her ser vi Tønnes Røbekk t.v. ilag med Jørn

03Bilder fra demonteringen.

061

På nærbilda av saga, kan vi p.g.a. kilereimane sjå at den har hatt elektrisk drift, men den har også eit 45cm stort trehjul på akslingen for flatreim’s drift. Og når Eirik Ståle Ranheim tilbaud meg å overta eit bruka traktorgir for flatreimsdrift, så er planen å bruka traktor som drivkraft. Det blir for kostbart å legge fram ny stømledning og egen kurs.

Sagbenken blir dreven framover av ein oljetrykksmotor . Ein elektromotor med pumpe gir det oljetrykket som trengs. Sagbladet har ein diameter på 93 cm. Slipeutstyr for kvessing av sagbladet har vi ikkje,
så der får vi konstruere og lage ein jigg i smia på Karihaugen.
Detalje 1
Detalje 2

27Midtseksjonen av sagbruket klargjort for henting.

Meir info blir lagt ut når vi startar det spanande arbeidet med å bygge oppatt sagbruket i 2010.

Sagbruk i tidlegare tider

I Hollendertida på 1600 talet, kom seglskuter frå Holland nordover og inn fjordane på nordvestlandet for å handle tømmer. Det gamle kartet frå 1658 viser at området rundt tingvoll og sunndalsfjorden var mykje bruka av desse hollandske seglskutene. Alle dei små bygdene er navngjitt på kartet. Det betyr at dei måtte ver godt kjende i dette området. Vi ser Kvalvåg ytterst i fjorden, skreve som Quaelwagh, og innom der Hoem skreve som Erickshaym. Stiftsskrivar Erik Audenson på Kvalvåg hadde lagt Hoem under seg, derfor navnet.

Til å byrja med, vart tømmeret solgt i rundstokk. Men litt etter litt vart det bygd opp sagbruk på bygdene. Det vart gjordt for å tjene meir penga på tømmeret, for skåren plank ga meir fortjeneste enn rundstokk. I tillegg var det lettare å tjore fast ombord i båtane, på den lange turen sørover, i all slags ver.

I tillegg til tømmer, handla hollenderane ved. 10-12 favner kunne dei ta ombord. Kanskje er den gamle steinkaia i Hoemsbukta, eller «vedkaia» som vi sei, bygd på denne tia. Når seglskutene låg i 2-3- veker å lasta tømmer, kunne det vera ein fordel å ha veden ståande på ei kai, nærme båtane. Bilde av denne kaia blir lagt ut. Nokre sunndalingar reiste på den tid rundt i distriktet her og bygde opp dei gamle steinfjøsa, som det var fleire av, kanskje var det dei som bygde vedkaia og dampkaia i Hoemsbukta?

Så, tidlig på 1700-talet er det i gamle skrifter nevnt 2 sager på Hoem. Ei god flommsag på øvre Hoem, og ei flommsag på nedre Hoem. Kanskje ved sjøkanten? Det står i Bygdeboka under Myran, at Simen Jonson Hoem, som byggde opp dei husa som no er på garden, i 1880, kjøpte tømmeret borti Straumsneset og sør for Gagnatsætra og flota det til Hoem’s saga. Det kan tyde på at det låg ei flommsag ved Litjeelva nedmed sjøen. Vi har tengt å prøve å finne tuftene etter denne saga, og kanskje den som stod på øver-Hoem. Desse sagene er nevnt i år 1720. Det blir spanande å sjå om vi kan finne spor etter desse sagene, når snøen er borte. Vi har spurt Ole Hoem frå Nylenda, no busett i Oslo,  om han kan bistå i leitinga, og det ville han.

tekst   Arne Johan

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG