Kvernhus og bru
Det restaurerte kvernhuset og brua
Prosjektansvarlig Erling Johan Hoem

Kvern har det vore på Hoem i uminnelige tider. I Matrikkelen frå 1667, står det at Kristenstua og Samuelstua betalte 6 skilling kvar i kvernskatt til staten. Det er første gang denne kverna er nemnt i slike papir. Kvar kvernhuset stod på den tida, eller endå tidligare, står det ingen ting om, men det er mest sannsynlig at kvernhuset stod då som no innmed Storelva, der ein pga vassmengda kunne male korn heile året (årgangande kvern). Noko anna ville vera merkeleg. Det er spennande då å tenke at det har stått kvernhus på same tomta og på same muren i kanskje 500 år. Kverna var eit sameige mellom 3 gardar. Kristenstua, Samuelstua og Nylenda. Kristenstua avla i 1723, 60 tønner havre. På Nylenda blei avlinga 20 tønner. Desse tønnene med korn, pluss avlinga frå dei andre gardane på Hoem, kanskje 100 tønner i alt, blei malt her, så kverna innpå øra dura og gjekk heile året og var viktig for bygda.
Her innmed elva, gjekk også den gamle ferdselsåra mot Varvik og Flemma. Artig då å tenke på at ferdafolk drog forbi kvernhuset og over brua, medan kvernhuset rista og skalv og kvernesteinane dura på innsida. Kanskje gjorde dei ein stopp og stakk hovudet innafor dørholet for å helse på møllaren, men han kunne ver vanskeleg å få auge på, i eit rom fylt med mjølstøv og støy. Men ropa dei høgre enn klangen frå kvernesteinane, fekk dei nok svar, og kanskje ei smaksprøve på bygg eller havremjølet. Kanskje var det Erling Martin (Elling) Hoem (Nylenda) som gav dei denne smaksprøva, han var den siste møllnaren på Hoem, og heldt på til fram mot 1950.
Kornet dei mol, for det meste havre og bygg, dyrka dei sjølve. Når det var moge, skar dei kornet og batt kornband som dei festa på kornstaurar til tørking. Banda vart seinare lagt i kornstålet på låven til etter-tørking. Kornstålet var eit rom med god lufting i plankegolvet og i tømmerveggane. Når dei hadde bruk for mjøl, henta dei kornband i kornstålet og fekk det treska. (skilde kornet frå akset). Treskemaskin hadde dei sjølve. Etter treskinga, bar dei kornet inn i eldhuset og tømmde det porsjonsvis utover ei jarnplate med sideveggar og vedafyring under og sat og rørde til det vart passe tørt og sprøtt. Det ferdigtørka kornet vart så lagra i store tretønner (sjåer) på stabburet.
Så ein dag vart noko av kornet ausa over i ein stiv skinnsekk og kjørt med hest og vogn inn til kvernhuset, der det vart klargjordt for maling. Fordelen med den stive skinnsekken, var at den holdt seg oppreist på golvet, og den var då lettare å tømme eller fylle frå. Mølnaren hadde på førehand vore oppe i elva, ca 150 m. framom kvernhuset og opna opp ei luke i tredemninga på kvernhus-dammen. Det gjorde at vatnet fossa inn i ein utgraven kanal som førde vatnet nedover på elvebreidda og mot trerenna. Var luka i trerenna stengd, spruta vatnet tilbake ned i elva, var den open fortsette vatnet inn i renna og ned mot kvernkallen, der det treffte skovlene med stor kraft. Trerenna smalna inn mot enden, det gjorde at vatnet fekk stor fart og kraft i møte med skovlane. Krafta er utrekna til ca 22 hk.
Før oppstarten av kvernakallen, vart oppåsteinen løfta litt opp, slik at den gjekk lett rundt. Når den etter kvart kom i omdreiing, blei den senka ned mot understeinen, ved å flytte ein kile i lette-treet, til mølnaren hørde på lyden at den låg passe nedpå. Var han ikkje heilt nøgd, kunne han regulere mengda med vatn som treffte kvernekallen, ved å heve eller senke ei luke oppe i trerenna. Han drog då i ein streng som kom frå luka og inn i kvernhuset, gjennom eit hol i tømmerveggen. På innsida var det slått inn ein tapp i veggen der strengen frå renneluka vart festa, når passe med vassmengd var oppnådd, og steinen hadde fått rett turtal.
Når alt såg ut til å fungere og kvernsteinane hadde gått seg varme, vart skinnsekken med kornet opna og halvparten tømt ned i trakta (teina) som var festa over midten på oppåsteinen. Under trakta etter to krokar og ein kile, heng ei regulerbar renne. Kornet frå trakta kom ned i denne renna, og ristinga i renna, (ristinga kom frå ei stang (skakktæn) som stod nedpå den ruglete oppåsteinen) gjorde at litt og litt korn kom fram og datt ned i holet (auget) på oppåsteinen. Der fordelte det seg utover mellom steinane, blei knust og kom fram som mjøl mellom oppåsteinen og kringen. Rundt-bevegelsen gjorde at det til slutt enda framme i mjølkista. Derifrå vart det ausa opp i skinnsekken og frakta heim.
tekst: Arne Johan
foto : Jørn

- Over brua gjekk den gamle bygdevegen mot Varvik og Flemma

- Kornrenna eller Sko`n







