Hoemsetervegen

26 juni i år, blei det endelig bra nok vær til å gjer det vi har snakka om i eit års tid, nemleg å merke den 2-300 år gamle Hoemsetervegen, før ingen er igjen og kan hugse kvar den går. Magne Kvalvåg i Oppistua i Kinna hugsar endå traseen, og utstyrt med merkepinner og blinkar-øks la vi i veg med lett traktor ned grusvegen frå Oppistua mot Svanavollen.

Oppistua i Kinna. Skisse av Rolf Enge 1940

Etter 150m, i svingen på første flata, tok vi av til venstre og kom etter kvart ned til Kinnaelva og Hoemsetervaet. Vi kjøyrde over elva, opp på elvebreidden og fortsette så vidare fram og oppover lia i kanten mellom myra og furuskogen.

Magne blinkar ein furulegg

Arne Johan på sin MF 35x , 1959 modell

Vi passerte etterkvart øversida av den gamle Norodd hytta, tidlegare eigd av idrettslaget «Norodd» i Kristiansund. Byfolket, som bruka hytta både sommar og vinter, tok dampen inn fjorden og gjekk på ski eller beina opp til hytta, som blei byggd i 1936 og har 16 sengeplassar.

Noroddhytta eller Hulderbo, som namnet er i dag

Lenger framme deler den gamle vegen seg, rett fram gjekk den først forbi øver-hjørne på høybua på Midtsetra (sjå akvarell under avsnittet). Albert Dahlen i Negarden i Kinna, var siste brukar av denne bua. Han slo graset med langorv i utmarka her, tørka det i stakk eller på bakken og lagra det i bua. På vinteren med skareføre, blei tørrhøyet frakta heim til gards på ein brei heimelaga kjelke. Magne hugsar at han som gut ein gong var med Albert på ein slik kjelke-tur. Han hugsar også den gode lukta av høyet, kalla finnskjegg, når han somme gongar gjekk forbi bua på veg til Flemsetervatnet for å fiske ørret. Det låg ei høybu til her oppe, på innersida av vatnet, som Albert også bruka. Det var godt med fint gras på myrane rundt vatnet, så Albert og den eldre broren Evert utnytta den kjærkomne ressursjen godt, til velsmakande for åt sauene sine.

Høybu på Hoemsetra. Akvarell av Rolf Enge 1936

Vidare frammover går vegen om Samuelstu-setra, eller Midtsetra og vidare til Nersetra, som Kristenstua, Sør-Hoem og Myran på Hoem dreiv i lag. Seterdrifta foregjekk fram til 1900 talet. Desse setrane blei bruka ein månad på sommaren og her gjekk kyrne ilag med dei som gjette dei, innafor steinutgardane som omkransar kvar seter. Mjelka bar dei om Legdabakken, som var den raskaste vegen heim til gards.

Selet på Midtsetra. Skisse av Rolf Enge, juni 1950

Tar vi vegen oppover til venstre, etter Hulderbo og ikkje rett fram mot Samuelstusetra, kjem vi inn på den solrike setervollen til Nylenda, der hytta Minde no ligg på tuftene etter dei gamle seterhusa, med lett og fin utsikt mot Trollheimen, Flæmmsetervatnet og Reinsfjellet.

Nylendsetra. Skisse av Erling Hoem.

«Minde» på Nylenn-setra, byggt i 1943. Stypesanden til muren vart frakta med hest og kjærre frå Svanavollen.

Takk for turen.
Hoemsballane:  Magne Kvalvåg og  Arne johan Humberset.
ps: har nokon meir info eller bilder frå livet på Hoemsetra, så ta kontakt med oss.

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG