Klippfiskarbeid på Hoem

Arbeid på klippfiskberga i Kroken på Hoem i 1925.
Fortalt av Kristen Johanson Hoem (Myrå)

Eg var 10 år då eg byrja på klippfiskarbeid for Daniel Enge, Kristiansund. Eg fekk 10-øre timen og var fornøgd, bedre det enn  å hjelpe til heime med luking og tynning av gulrot og nepe-åker, og anna kjedeligt  arbeid. Nede på Krokaberga var det mykje liv og røre, opptil 30 personar, unge og gamle,  kunne vera der samtidig, så der likte vi oss  godt.

Sesongen starta med at Enge på etterjulsvinteren sendte segljekta si  “Nornen” nordover til Lofoten for å kjøpe nydregen torsk. Enge var sjølv kaptein.  Mannskapet på jekta bestod av bla. 4 mann frå Hoem. Det var Arne og Karsten Hoem (Gara, som var nærslekta med Enge), Jens Hoem (Nybråten) og kokken Johan Hoem (Viken). I Lofoten fekk dei om bord torsk som var ferdig til salting. Det vil sei at fisken var delt på langs etter ryggen, og ryggbeinet var fjerna. Når ein så bretta fisken ut i ein trekant, var den klar til å leggast i stabel, med grovsalt i mellom laga. Slik låg den på turen sørover, inn Sunndalsfjorden og til kaia i Kroken.

Der vart så fisken lossa og plassert inne i kaihuset, kalla “Bryggja”.  Dette huset hadde tidlegare klippfiskmenn  bygd til dette formålet. Det var i to etasjar. I andre etasje budde vaktmann med familien. Eg kan huske at Nils Sagen, Kvalvåg og ein Ohrvik var vaktmenn. Fyrste etasjen var lagerplass, og i tillegg arbeidsplass for dei som skulle vaske og reinske fisken før tørkinga ute på berga. Midt på golvet i 1 etg. stod eit stort trekar på 1,5 gangar 3 m. Det var fylt med sjøvatn. På kanten av karet var det festa trebrett som fisken låg på under skrubbinga. Desse bretta halla på skrå ned og inn i karet. Det kunne vera 10 slike brett. Ein fast mann hadde arbeidet med å pumpe sjøvatn opp i karet. Det gjorde han med ei handpumpe som var festa på veggen. Arbeidet var tungt, for karet var stort og i tillegg måtte det tømast og reingjerast ofte. For vatnet måtte vera reint og utan fiskerestar og slo. Vi var altså 10 arbeidara som stod rundt det store karet og skrubba bort overflødig salt og blodrestar. Vi hadde grove ullvottar på hendene, men ikkje noko reiskap å hjelpe oss med. Fisken vart lagd ned i sjøvatnet ei stund før vaskinga. Tida den låg i vatn måtte ikkje bli for lang, slik at den blei blaut. Dette var det vaktmannen som passa på, og dette var han nøyen med. I tillegg passa han på at vatnet i karet var reint.

Når vi sto slik å vaska, var det, slik som det bruka å vera på ein arbeidsplass, nokon som var til irritasjon for oss andre. Det kunne til dømes ver når tergaren oppdaga at fisken han var i ferd med å løfte opp på brettet sitt, var ei stor fisk med mykje arbeid på,  ja då var han lynrask å senka fisken tilbake ned i karet, og skyve den under vatn bort til nokon av oss andre, som kanskje var uoppmerksame eller hadde tatt oss eit 5-minutt.

Klippfiskarbeid på Krokaneset (Vorpneset) i 1925. Frå venstre: Anna Hoem Selius, Nils Kvalvåg (Saga), Jon Hoem, Johan S Hoem og Johan A Hoem.

Klippfiskarbeid på Krokaneset (Vorpneset) i 1925. Frå venstre: Anna Hoem Selius, Nils Kvalvåg (Saga), Jon Hoem, Johan S Hoem og Johan A Hoem.

Over fjorden kom det roandes folk frå Hammaren og Vulvikja, på jakt etter arbeid.  Frå Brunneset lenger ut, kom det 4 eldre kvinnfolk, kan eg hugse. Så kom det båtar utafrå med folk frå Vikja,  Lamvikja, Kvalvåg og Ranheim, innafrå kom så vi frå Hoem og andre frå Varvik.  Nokon av dei som kom med eigen færing, valte å vaske fisken for seg sjølve nede i fjøra. Då lempa dei saltfisken ned i robåten frå kaia, og rodde på innsida av Krokaberget. Der la dei så fisken ned i sjøkanten til bløyting, og vaskinga forgjekk i fred og ro mellom færingen og fiskedungen. Den ferdigvaska fisken vart så kasta opp på berget, og om vaktmannen godtok reingjeringa, vart den samla saman og med ei båre frakta lenger opp på berga. Trygve Hoem (Kroken) og eg hadde dette arbeidet, pga vår lave alder. På forskjellige plassa på berga, var det lagt ut treflaka til botn for fiskestablane. Desse måtte ligga stødig og i vater. Vi tømde båra for fisk ved desse stabelbotnane, og det var kvinnfolkarbeid å stable opp fisken. Den ferdig vaska og godkjende fisken vart liggande i stabel med lokk på i 3-4 daga. Her vart overflødig vatn pressa ut før tørkinga på berga tok til.

Det byrja så snart snøen var borte frå berga, og det var opphaldsvêr. Då var det å møte opp kl. 07.00. Vaktmann fordelte arbeidet blant dei oppmøtte. Dei store trelokka på stablane vart fjerna, og fisken båren utover. Heile berget var til slutt dekt av fisk, og slik låg den i 12 tima til kl. 19.00 om kvelden, då den vart samla saman igjen i stabel, og eit lokk vart lagt på toppen. Sjølv om veret var fint over natta, måtte fisken samlast, for å unngå at den slo seg og blei fuktig igjen, og ein dags arbeid vart vekk kasta. Men gjekk tørkinga greitt med finever og landvind, og sjefen Daniel Enge i Kristiansund såg at det kunne hentast ein ny båtlast med fersk torsk, så var det å rigge jekta og sende den nordover igjen. Denne gongen heilt til Finnmarken. Torsken der var noko mindre enn Lofotskreien, men det var penge å tjene på denne og, så folket på bygdene rundt Kroken kunne tene seg nokre kroner ekstra i sommarhalvåret når dette pågjekk.  Garden Kroken som leigde ut berga til klippfisktørking, tente også noko på avtalen med Daniel Enge frå  klippfisk byen Kristiansund.

tekst Arne Johan

Klippfiskarbeid på Krokaneset (Hoem - 1925) Frå venstre: Maria Hoem, Sigrid Røsdal, Emma Sør-Hoem, Birgit Kvalvåg, Ane Røsdal, Trygve Hoem, Dagny Hoem og Kristen Hoem.

Klippfiskarbeid på Krokaneset (Hoem - 1925) Frå venstre: Maria Hoem, Sigrid Røsdal, Emma Sør-Hoem, Birgit Kvalvåg, Ane Røsdal, Trygve Hoem, Dagny Hoem og Kristen Hoem.

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG