Geitbåt og naust

geitbaat

Geitbåten på veg til åpninga av Krifast-sambandet i 1992.

Det står 2 gamle klenodier nede ved fjorden på garden Nylenda i den vakre Hoemsbukta. Det eine klenodiet er ein berømt geitbåt, (som stod utstilt på Bergsøya då Gro Harlem Brundtland åpna Krifast-sambandet i 1992) Det andre eit stort værslitt naust frå ca. 1760, ca. 250 år gammelt. Det er Håkon Tofte på Romsdalsmuseet som p.g.a. byggemåten anslår denne alderen. Den bratte skråninga i terrenget, gjer at naustet står på langs med fjøra, slik at båtstøa gjer ein sving opp og bort åt dei doble naustdørene. Den tømmra øver-langveggen og gavlen mot nord er kledd med ståande bordkledning, kanskje for å unngå snødrev inn på båtane vinterstid, og for å få mindre gjennomtrekk i naustet. Trekk i naust gjer at båtane tørkar unødig mykje mellom kvar gong dei er i bruk. Det kan føre til sprekker i bordgangane. Dørstolpane på hengslesida av dørblada, er lagra med eit bua trestykke oppe og nede. Let ein opp dei doble dørene, ser ein inn på eit grovt golv av tjukke, breie plankar. Golvplankane og veggkledninga på øversida er skorne på ei oppgangssag. Det kan ein sjå på dei tversgåande rette ripene etter sagbladet. Denne oppgangs-saga stod truleg ein stad nede ved fjorden her på Hoem. Meir om dette under prosjekt: sagbruk.

Geitbåten

Det andre klenodiet er ein 150 år gamal geitbåt, som Elling Olsen (Nylenda) kjøpte midt på 1800 talet. I alle desse 150 åra, har den stått i det gamle Nylenda-naustet. Der har den blitt tatt godt vare på, og fått passe med fuktigheit og skygge. Temperaturen er stabil i slike store naust, der tomta som her, er utgraven inn i bakken. Torvtaket, som no er skifta ut med bølgeblikk, har og vore med på å stabilisere temperaturen og fuktigheiten i naustet. Trebukken som held båten oppreist inne i naustet, er hoggen ut av ei trestamme, der 2 greiner spriker ut og stabiliserer bukken, der han står på skrå ned og inn mot båtkjølen. Denne bukken er antakelig like gammal som naustet, og har stått under andre båtar som stod her før. Kva slags båt det har vore, kan ein berre gjette seg til, men størrelsen på naustet kan vel tilseia at det har stått store båtar her før også. Kanskje ein liknande eller større geitbåt?

Geitbåten som står i naustet i dag er bygd i Varvika i ca. 1850. Egil Warvik har fortalt at den er byggd på garden Innistua i Varvik. Båtbyggar var Jon Pederson Flemmen. I bygdeboka står det at det budde ein båtbyggar til på garden den tida, det var ungkaren Tore Størkerson Brubekk. Så en kan vel gå ut frå at det var dei to i lag som bygde denne båten, og sikkert mange fleire båtar, uten at det står noko om det i bygdeboka.

Det måtte ver ein fordel å ver to båtbyggera i lag, for det er mykje arbeid med ein 4-roings-geitbåt, (fyring). Lengda på båten frå frammstamn til akterstamn er: 7.45 m og største breidde er : 1.9 m. Det er 4 bord på kvar side midt på, og det breiaste er 40 cm. Spanta inne i båten er festa til skroget med trenaglar. Borda i skroget er festa til kvarandre med jernnaglar. Dei eldste naglane hadde runde haud,  seinare kom naglar med 4-kanta haud. Så det fint forma roret, lengde på 1.6 m,  hoggd ut av eit kraftig trestykke, vokse i bue. Opphenget til roret er smidd, og smiinga gjorde båtbyggarane sjølve. 4 par lange smekre årar på 3.35 m, fylgde med. Den lange mastra på 5 m, ligg også her i naustet, ilag med lastekarmane eller drigglene . Drigglene vart bruka for å verne mot sjøskvett og gi båten høgre sider, så den, under segling ikkje skar seg full av sjø, om den var tungt lasta. Det er uklart kven som sydde råseglet til båten, men det er ikkje utenkjeleg at båtbyggarane gjorde den jobben også, så ein kan vel gå ut frå at båtane som kom i frå Varvika var ferdig rigga og klare til bruk, innsmurde med fleire strøk med milebrend rot-tjære, inn- og utvendig. Fururøtene dei trekte tjæra ut av, fann dei under nybrottsarbeid i utmarka. Spesielt bra var røtene som låg i myrjorda, den inneheldt mykje tjære. Ein kan såleis forstå at det var lagt ned mykje arbeid i kvar båt, og båtane frå Innistua i Varvika hadde ord på seg for å vera av god kvalitet, og var difor etterspurde.

Overlevering av geitbåten til den nye eigaren, kunne kanskje fåregå omlag slik ?

Ein fin vårdag etter at den  ferdige båten hadde lege på svai nokre dagar for å trutne, kom dagen då båtbyggarane Jon Pederson Flemmen og Tore Størkerson Brubekk skulle segla ut til Hoem for å overlevera båten. Dette ville dei helst gjera sjølve, både som eit fint avbrekk i ein travel kvardag, men også for å teste ut båten. Dei såg det var fine forhold på fjorden med landvind, og gledde seg til turen.

Elling Olsen på Nylenda, som hadde bestilt båten, stod ilag med sonen og drengen nede ved naustet og såg etter geitbåten som skulle koma ut fjorden ved middagstid i dag….. Og så, etter litt venting, fekk dei sjå ein båt runde Varvik-neset og sette kursen mot Hoemsbukta og Nylenda-naustet. Det brune rå-seglet var oppe, og båten heldt god fart i den gode børa som landvinden ga ut fjorden . Båten låg høgt i sjøen og kleiv oppå bårene som ei geit, sjølv om karane hadde lagra godt med segl-steinar i kjølen. Det er den høgreiste baugen, med langt overheng, knekkspantet og dei rundhøvla borda i skroget, som gjer at denne båt-typen går så lett og høgt i sjøen, og har halvplanande eigenskap. Løftet i springet eller baugen,  gjer at det kjem luft under skroget i fart, og båten planer. .

« Der kjem dei!….. Å sjå kor han kliv!”  Det var Elling, den nye eigaren som ropa, der han stod heilt nede i fjøresteinane, så sjøen vaska rundt dei høge skinnstøvlane hans. Elling var ikkje kjent for å vise følelser slik, men no greidde han ikkje å halde seg. Han hadde betalt det meste av den kostbare båten på forskudd, og hadde gått i spenning heile vinteren. No vart denne spenninga plutseleg utløyst, og han byrja å rope og veive med armane i glede til dei to seglarane ute i båten: « Hitover !», ropa han, men det var ikkje nødvendig, for dei to i båten visste godt kvar Nylendastøa var.

5-6- båtlengder frå land, låra dei seglet, og lot båten gli av sin eigen framdrift inn til karane som stod i støa og venta, med sterke armar klare til å ta imot. Den gode lukta av tjærebreidd båt blei sterkare, då han sklei opp i støa og inn i armane til dei nye eigarane. «Sett bukkane under båten, så han står godt,» befalte Elling.

No kunne han og sonen endeleg sjå båten på nært hald, og det var litt av eit syn. Elling blei stolt der han stod. Dette er ein fin kyrkjebåt, ja kanskje den finaste, tenkte han, og såg båten for seg der han låg oppdregen saman med dei andre kyrkjebåtane i fjæra nedom kyrkja. Han bestemte seg der og då for å ta med seg dei to bukkane som no stod under båten, til Tingvoll, slik at båten kunne stå fint der borte og.

Elling tok så fram den heimesydde pengeboka i gulna skinn og betalte gladeleg ut restbeløpet for båten. Han trykte så hendene deira og sa:   “Ja, takk no. Det va noko til gjilde båt dåkke har laga. Førsteklasses  furu ser eg, og mykje utstyr». Båtbyggarane smilte til svar og med eit godt tak rundt dei kjærkomne pengeseddlane i brok-lomma, returnerte dei til Innistua i Varvik. Ein ny geitbåtkjøl låg alt på beddingen der, og venta på dei to dyktige båtbyggarane.

Uttalelsa ombåten

Jon Godal, Tromsø, den fremste eksperten på geitbåtar i landet, har besiktiga båten og uttalt: « Geitbåten på Nylenda er eit leksikon for framtidige geitbåtbyggere. Etter den nye kulturminnevernloven kunne jeg vernet båten på stedet, men dersom den blir utstilt og tatt 100% vare på, kan det ver en bra løsning. Men då må den få passe med fuktighet så den ikke sprekker, og alt utstyret må følge med. Den har riktige mål og er i god stand etter alderen. Båten er tverrstammt, med god letting, slik den sørlige varianten av geitbåten, også kalla »Romsdaling» skal vere. Det er også uvanlig med så mye utstyr som det er her. Slik som: teiner, (det er lister som skal forebygge slitasje), vidjeband på keipane til alle årene, driggler eller lastekarmer, årene,  roret , mastra ,  gamle vadbein , mm, alt er her.  Dette er ein stor skatt for Hoem og for landet.»

Båten i bruk :

Historie frå 1920, om då båten for siste gong var i bruk,  som kyrkjebåt. Edvard Hoem, Sørhoem, fortalde til Paul Hoem, Nylenda (Paul er tidlegare eigar av båten), 23.11.1992.

Edvard hadde lese i eit julehefte om 4-røringen på Hoem, og ville fortelle om då han var med på den siste turen båten hadde som kyrkje-båt 10.oktober i 1920. Det var konfirmasjon på Tingvoll, og Harald Gagnat (Volla) var konfirmant. Olav Lamvik hadde ein liten motorbåt som ikkje kunne ta med alle frå Hoem, da det også var ein konfirmant i Varvika. En flokk ungdommer fra bygda ville være med Harald på konfirmasjonsdagen, og de dro 4-røringen på sjøen og rodde dei 10 km. til Tingvoll. Disse var med: Olav E. Hoem (Nylenda), Jens P. Hoem (Sørhoem), Arne P. Hoem (Sørhoem), Karsten P. A .Hoem (Gara), Arne P. A. Hoem (Gara), Sigurd J. Hoem (Myrå), Jon J. Hoem (Myrå), Johan A. Hoem (Vikjen) og Edvard P. Hoem (Sørhoem), som var yngste mann og styrmann. Etter gudstjenesta rodde vi frå Tingvoll samtidig som motorbåten starta, og det blei kapproing utover fjorden. Gjeitbåten var lettrodde og vi held god fart, slik at vi  kom til Hoem samtidig med motorbåten, fortel Edvard. For å terge dei i motorbåten, reiste vi oss opp og slo floker, som skulle forestille at vi ikke hadde blitt varme av kapproinga over fjorden frå Tingvoll. Edvard, som no, i 1992, bur på Gjemnes sjukeheim, er den eneste av dette mannskapet som lever i dag « fortel Paul.

Kristen Magnar Johanson Hoem (Myran) fortel om geitbåten i bruk:

Eg kan hugse som 10-åring i 1925, at min far, Johan Simenson leigde båten til frakting av plank og bord heim frå Kvalvåg-saga. Vi hadde tidlegare laga ei flåte av tømmerstokkane vi skulle skjære, og slept den etter ein færing vi hadde . Slepinga gjorde vi når sjøen var minkande, og straumen gjekk ut fjorden, same veg som vi skulle,» men det var likevel ein stri tørn å få tømmeret til Kvalvåg », kan eg hugse. Vi rodde heim om kvelden. Neste dag tok vi hesten utover for å legge i la dei ferdigskårne plankane.

Etter nokre dagar med tørking, leigde så min far geitbåten i Nylenda og dei rodde utover mot Kvalvågholmane, svinga opp i bukta der saga låg, ved den gamle dam-muren til Kvalvåg-isbruk. Dei lesste så ombord matrialane dei eigde, og returnerte innover fjorden. Komne inn i Hoemsbukta, rodde dei bort til dampskipskaia og fekk lassten på land der. Så var det å gå opp til Myran og hente hest og kjærre, returnere til kaia og ta til å frakte dei skorne materialane heim. Det blei fleire turar, for merra var gammal og vegen bratt opp til Øver-Hoem.

Geitbåten hadde dei, etter lånet, sett inn i naustet, langsmed den tømra øverveggen. To gamle bukkar stod under skroget til støtte,  årene sto på høgkant mot den kraftige samhaldstokken, med åreblada opp, som dei hadde fått beskjed om og dei gamle dørene knirka likeins  som i alle dei andre 250 åra dei har vore hengsla på den grove gavleveggen, då Johan og Kristen gjekk ut og let dei att etter seg.

tekst av Arne-Johan Humberset

1 kommentar

  • Skrevet av Øyvind Silset , 11. oktober, 2011 @ 08:58

    En liten rettelse;
    Geitbåten fra Hoem var utlånt til den Samferdselshistoriske utstillinga som foregikk ved Høgset fergekai, som da de fire samarbeidende lag, Batnfjord Ungdomslag, Bjerkely 4H, Måren 4H og Nordmøre og Romsdal Kjøretøyhistorisk klubb, arrangerte da Krifast vart åpna på Frei den 20.august 1992.

Andre lenker til denne posten

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG