D/S Driva og Gulltransporten
Den lokalkjende kystrutebåten “D/S Driva”, vart rekvirert til Molde natt til 30 april i 1940, til frakting av 10 tonn gull nordover til Tromsø, vekk frå den tyske invasjonsstyrken som var på jakt etter gullet. Gullet var resten av Norges beholdning på 50 tonn, som under dramatiske omstende vart berga ut av hvelvet i Norges Bank og frakta i bilar og tog nordover Gudbrandsdalen om Åndalsnes og til Molde. Under kraftig bombardemang, vart mesteparten av gullet lasta ombord i den britiske kryssaren HMS Glasgow. Kong Håkon 7, Kronprins Olav og medlemmar av regjeringa var også ombord, då den i skyminga forlot Molde med kurs for England.
D/S Driva kom seg også uskadd ut frå Molde hamn, men ved Visnes i Eide, vart dampbåten på nytt angripen og forsøkt bomba. Kaptein Anton M. Petersen valgte då å sette skuta på land for å berge lasten og passasjerane, bla. Einar Gerhardsen og Nordahl Grieg. Då flyet trekte seg bort uten treff, fekk dei båten av land igjen, ved å flytte lasten lengst bak i båten på flo sjø og få ei trosse over i “D/S Kværnes”, som slepte den av grunn for full maskin.
D/S Driva gjekk så til Gjemnes kai, der gullet blei lossa på land i påvente av at 5 mindre fiskeskøyter skulle overta transporten. Dei 5 skøytene fekk dei 547 gullkassene ombord og gjekk til Kvalvåg og Lamvika og la seg i skul der til neste kveld. Samme natta, gjekk D/S Driva hit til Hoemsbukta og la seg tett inntil Munkhammaren. Der låg den i skjul, tildekt av pressenningar og granbar, ute av syne for dei tyske flya, til alt roa seg. Dei fem fiskeskøytene med gullet, ein vaktstyrke, folk frå regjering og ansatte i Norges Bank ombord forlot Lamvika og Kvalvåg i skyminga neste kveld.
D/S Driva var heldig å berga seg gjennom krigsåra, sjølv om store rutebåtar var utsette bombemål. Ho gjekk i rute fram til 1950, mellom Kristiansund og dei mange bygdene og dampskipskaiene langs fjordane her.
Les meir om dramatikken i boka: “Gulltransporten” av Per Arnt Harnes.
AjH
