Høybu på Buavollen

Steinmurane vi ser her på Buavollen er tufter etter ei høybu frå først på 1700 talet. På den tida og frammover på 1800 talet, var det vanlig å ha slike høybuer med tilhørande slåttateiger i utmarka. Her gjekk karane og slo med langorv, og det flattørka graset blei til høy og lagra i bua her. På etterjulsvinteren kom dei med hest og slede og henta høyet heim.

Buavollen heiter teigen bua ligg på. Andre navn på slåttateiger rundt her er Svalgraset, Olbuslettet, Hålå og Sverdgraset. Kvifor ein teig har fått namnet Svalgraset er ganske spesielt. På Hoem er ålen i elvane kalla svalfisk. Slåttateigen Svalgraset ligg ved elvakanten og når elva er stor, fløymer den over og inn på denne teigen. Så er det fortalt at ålen eller svalfisken symde inn på den overfløymde teigen på jakt etter insekt og mark, derfor namnet Svalgraset. Om slåttåteigen Sverdgraset, seier segna at det stod eit slag her ein gong.

Bare tufter er igjen

Steinmuren frå 1700 talet

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG