Bryllaup i Negarden i Kinna i 1930

Fortalt av: Kristen Magnar Hoem f. 1915 i Myrann.

 

Negarden under Reinsfjellet. Svanavollen ligg t.v. Oppistua t.h. Skisse av Rolf Enge ca. 1930.

Nikoline Kvalvåg, fødd i 1881 på garden Saga på Kvalvåg, hadde frå ho var ung, reist rundt og tenestegjort på gardane i distriktet. No var ho 49 år, men fortsatt ugift og det siste halve året hadde ho arbeidd på småbruket Negarden (Maurteigen) i Kinna, og der trengtes ho, for i tillegg til gardbrukaren Albert og den nervesjuke broren Evert, budde også dei gamle foreldra på garden, så Nikoline hadde lange dagar. Men ikkje alt var slik det skulle, for fleire gongar hadde ho spurt om løn for arbeidet ho gjorde, men Albert berre trekte på skuldrane og unnlét å svare. Nikoline ville ikkje presse på, for ho likte seg godt på bruket og ekstra kjekt var det når ferdafolk kom oppover Hoemsdalen, då stod ho i dørholet i bislaget og i godt humør bøy folk inn på kaffe og småbrød.

Ein dag Albert kom inn på kjøkkenet, fekk han sjå Nikoline stå bøygd over ei gryte på komfyren. Han kjende igjen lukta som fylte rommet, og forstod at ho koka møssmør. Møssmør eller saupgraut, koka dei av krafta som låg igjen på botnen i stavkinna, etter at smøret var ferdig kinna og tatt ut. Krafta vart så gjevna med litt mjøl og sukker og koka inn, til det blei eit gyllent smørbart pålegg på brødskiva.

Nikoline stod lettkledd i varmen og Albert likte det han såg. Hadde ho vore nokre år yngre, tenkte han, så kunne det kanskje ha blitt noko mellom oss to. «Trur du møssmøret blir ferdig til kvelds?» spurde han. «Ja, eg meiner då det». Ho hadde retta ryggen no og såg på han då ho svara, med tresleiva i ei hand og ein blå tova gryteklut i den andre. «Det blir nykjinna smør og møssmør i kveld, Albert.» Han nikka og smilte forsiktig der han svolten stod i arbeidskleda midt på kjøkkengolvet. Skinnstøvlane hadde han sparka av seg ute i bislaget, etter å ha vore i arbeidshuset og sitte på bandstolen og smia tønneband av hassel heile dagen. Han dreiv litt tønneproduksjon vinterstida og tønnene vart bytta i ymse varer i butikken i Skaret på Kvalvåg. Ferdighøvla og bunta tønneband selde han også til Endresens tønnefabrikk i Flemma

«Du Albert Olaus», kom det plutselig frå Nikoline. «Eg forstår at du har dårleg med peng og at det kanskje er grunnen til at eg endå ikkje har fått løna mi, difor har eg tenkt å foreslå noko for deg, som eg har tenkt på ei stund….. Om du frir til meg og vi gifter oss, ja då treng du ikkje betale meg dei 120 kronene du skylder meg i løn. Kva seier du?» – Albert blei både rørt og overraska over dette uventa tilbodet, og skråen bytte plass i kjeften hans då han svara: «Vi treng ei grepa ei som deg her på garden Nikoline og kan eg kome ifrå det eg skylder deg, med å gifte meg med deg, ja så må eg kanskje gjere det. Eg kan ikkje risikere at du forlèt oss no, korleis skal det då gå med Evert, dei gamle foreldra våre og dyra?»

Han gjekk eit steg fram, tok forsiktig handa til Nikoline og trekte ho inntil seg. Den søte lukta av møssmør blei sterkare, «som den beste parfyme,» tenkte han, der dei stod tett omslynga. Ho lente seg villig inntil og augene hennar vart blanke, då han sa: «Nikoline, vi tek å gifter oss, vi to».  Ho kjende ho blei glad og lykkeleg over desse orda og at det no endelig skulle bli henna tur til å gå opp kyrkjegolvet, endeleg…. ei tåre draup ned på skuldra til Albert, og blei borte i det grove vadmelstoffet, men han forstod, og lòt ho få kjenne på den gode følelsen ei stund, før han snudde seg mot ho. «Det blir bryllaup i Negarden Nikoline, dette året, det er no bestemt.»

«Og i romjula i 1930 stod vi i vindauga og venta på at brudefølgjet frå Kinna skulle passere oss», kan Kristen vidare fortelja. Og endeleg kom dei, 3 hestar med slede var dei i følgjet, i eit dårleg ver med snøkave, men vegen var brøytt med treplog og hest, så dei kom seg fint nedover Sjøbakkan, Kaibakkan og ned på dampskipskaia i Hoemsbukta, der «Plassabåten» låg fortøyd og venta. «Det er berre og kome om bord!», ropa skipper Nils Kvalvåg ut i snødrevet, «det er fyr i ovna framm i kahytten! «

"Plassabåten" liggande heime i Plassabukten på Kvalvåg.

Og to timar seinare kunne klokkaren ta imot brudefølgjet og lede dei inn i den varme Tingvoll-kirka der prost Raaen alt stod klar. Så blei Nikoline Kvalvåg og Albert Olaus Dalen smidd i hymnens lenker, han 39, ho 49 og det pga. ei skyldig løn på 120.- kroner.

 

Brudeparet Nikoline Kvalvåg og Albert Olaus Dalen

Tillegsoppl: Magne Kvalvåg (Oppistua)

Tekst: Arne Johan Humberset (Karihåjen)

10 kommentarer

  • Skrevet av Erna Lamvik , 20. mars, 2012 @ 22:46

    Takk for fin og artig oppleving å få lesa om brudlaupet til Nikoline Sagjen og han Albert i Ne-garden Kinna! Takk frå Erna og Ola Lamvik.

  • Skrevet av redaktør , 23. april, 2012 @ 16:51

    Hei Erna
    Takk for kommentaren. Kjekt å høre at dåkke er på nett med oss innpå Hoem.
    Mvh Aj

  • Skrevet av Ola Bjørn Husby , 1. november, 2014 @ 00:39

    Artig historie om bror til min bestemor Ingeborg Husby. Har såvidt begynt å engasjere meg i slektshistorien, og denne grenen av slekta er temmelig ukjent enn så lenge. Takknemmelig for tips om hvilken bygdebok Kinna i Negarden sokner under
    Mvh
    Ola Bjørn Husby

  • Skrevet av Leder , 1. desember, 2014 @ 18:00

    Hei,
    artig å kunne bidra til din slektsforskning: du finner Negarden på «Gards- og ættesoge for Gjemnes» gnr. 63 – 73. Utgitt av Flemma Bygdelag 2014, side 244. Lykke til vidare. Mvh Jørn Michaelis

  • Skrevet av Lillian S Kvalvåg , 1. oktober, 2017 @ 15:29

    Nikoline Margrete var fødd 18.mars 1879 på Saga…Står hverken i den gamle eller den nye bygdeboka, men fant henne i kirkebøkene for Tingvoll:)
    mvh Lillian Schønhardt Kvalvåg

  • Skrevet av oprol evorter , 11. april, 2019 @ 11:50

    I love the efforts you have put in this, regards for all the great posts.

  • Skrevet av curry 4 , 9. mai, 2019 @ 10:24

    I have to get across my passion for your generosity in support of folks that need guidance on that idea. Your real commitment to passing the message across turned out to be astonishingly practical and has always allowed professionals like me to realize their objectives. The invaluable tutorial means much a person like me and additionally to my fellow workers. Warm regards; from everyone of us.

  • Skrevet av yeezy boost , 9. mai, 2019 @ 15:42

    Thanks for all your hard work on this site. Debby delights in conducting research and it’s really easy to see why. Many of us know all of the lively way you produce informative information through this web site and as well foster participation from some others on the subject matter and our daughter is starting to learn a whole lot. Have fun with the remaining portion of the year. You have been conducting a superb job.

  • Skrevet av ferragamo belt , 13. mai, 2019 @ 13:20

    I must show my admiration for your kind-heartedness supporting all those that really need help on the subject. Your special commitment to getting the solution all-around came to be unbelievably informative and has continuously helped others much like me to achieve their aims. Your invaluable facts means a great deal to me and additionally to my mates. Thank you; from each one of us.

  • Skrevet av golden goose shoes , 13. mai, 2019 @ 20:12

    I simply needed to say thanks all over again. I am not sure what I would have gone through without the basics provided by you over this area of interest. It was actually the traumatic matter in my opinion, nevertheless considering the skilled form you treated that forced me to cry over joy. Now i’m happier for the advice as well as hope that you comprehend what a great job you’re accomplishing teaching many others via a site. Most likely you have never encountered any of us.

Andre lenker til denne posten

Leave a comment

HOEM BYGDELAG