Bjørnejakt
Bestefar fortel om då han skaut bjørn i Hoemsdalen i 1905
av : Jan Edvin Hoem.
Når ein høyrer eldre folk fortelja, så vert det meir fugle- og dyreliv i skogane før i tida enn det er i dag. Bjørn såg ein ofte i Hoemsdalen og titt og ofte kunne ein høyra brølet av han oppe i lia. Det var bestefar Johan Simenson som skaut den siste bjørnen her i 1905, og så let eg han fortelja :
” Ein kveld i skyminga kom bror min som budde oppe i Kinna springande hit og kunne fortelja at sauene hans kom heim frå skogen heilt bortskremde. Og han var sikker på at det var bjørnen som var etter dei. Eg fann fram børsa og det bar oppover til Kinna i all hast. Vi gjekk opp lia og opp mot fjellbruna, den retninga som sauene kom springande frå. Men eg må sei at eg ikkje var skikka til å skyte om vi skulle treffa på ubeistet. For frå Hoem til Kinna er det om lag fire kilometer og berre motbakke, så hjartet var ikkje heilt i ro då vi kom dit opp. Best vi gjekk å lura der oppe ved fjellbruna, sa bror min. ” Der står han ” Og då eg skulle sjå meg om, stod bjørnen oppe på eit svaberg litt lenger oppe. Han hadde alt fått auga på oss og var ferdig til å ta føtene fatt. Men då var heller ikkje eg sein. Børsa kom opp mot kinnet og fingeren ved avtrekkaren var heller ikkje lenger unna enn at det smalt med ein gong. Jau bjørnen gjekk på hovudet utover berget og hamna i ura nedanfor. Vi gjekk då nærmare og såg han liggja steindaud, men for sikkerheits skuld skaut eg to skot til. Det viste seg seinare at det berre var eit hol i bjørnen, så eg var sikkert skjelvande på handa då eg sende av stad dei siste skota. Vi drog bjørnen ned lia til Kinna og derifrå vart han frakta med hest til Hoem. Det var mange som skulle sjå bjørnen. Skuleborna frå Hoem-skulen fekk og fri for å sjå dette utysket,” sluttar bestefar.

Kristen Hoem (Myrå) fortel om ei
bjørnejakt på Hoem i 1913.
Bestefar min Simen, eigde på den tida rundt år 1900, ein lang kikert med ei linse. Med den kunne han sitte bak vindauget i storstua for å sjå etter liv borte i Innerlia, frå Varvik-neset og sørover til Hoemsmannen, ca 4 km. Eit stort område. Etter at furu og bjørkeskogen var hogt på 16- og 1700 talet, var lia nesten skogfri og egna seg difor godt til søk etter dyr og då fyrst og fremst rovdyr som bjørn og jerv. Desse hadde i lang tid vore utsett for storstilt jakt, med det for øye å fjerne dei heilt i dei områda der det ferdast folk og husdyr. Difor sat Simen tolmodig og søkte for å finne dei siste som var igjen av desse frykta og hata dyra, for så å varsle jegerane i bygda, som meir enn gjerne tok seg fri til ei spanande jakt. Johan, far min, var ein av desse bjørnejegerane. Han hadde skote bjørn før, og sendte meir enn gjerne skot i fleire bjørnar, om sjangsen baud seg.
Ein formiddag bestefar sat slik og søkte med kikerten, spurde han plutselig etter Johan, son sin. ” Er han her? Sei til han at eg ser bjørn borte i innerlia, så kjem han vel fort, tenkjer eg.” Og det stemte. Ikkje lenge etter sto han i stua med kikerten og søkte etter bjørnen bestefar hadde funne. ”Eg ser han no. Det er ein vaksen bjørn, som har god tid der han går og beitar på blåbærlyng og sopp. Eg tar ein tur etter han og fer innom Elling på Nylenda, slik at vi blir to.” Dei høyrde han romstere ute i gangen etter ytterkleda og geværet, før ytterdøra vart opna og dei såg han småspringe forbi stuevindauget der bestefar og eg sat på innsida og venta i spenning på fortsettelsen. Vi visste at jakt på bjørn var farlege greier.
Nede på Nylenda var Elling lett å be og ikkje lenge etter småsprang dei to ned Småelvdalane, over Trøin og inn til kvernhuset og brua. Der gjorde dei ein stopp for å få igjen pusten og lade våpna sine. ”Gå først du Johan, som såg han i kikerten, og veit kvar han held seg.” Elling måtte heve stemma, for elva gjekk stri under dei, der dei stod midt innpå på brua. Han lot Johan passere og turen opp den bratte lia tok til. Dei tok det med ro, for dei måtte unngå å bli oppdaga av bjørnen. Kanskje hadde han flytta seg frå der han sist var observert, og no var på ein heilt anna plass. Kanskje var det han som fylgde etter dei, og ikkje omvendt. Det kunne også vera ein mannevond skadeskoten bjørn, som ikkje tok 5- øre for å gå til angrep. Eller det kunne vera fleire bjørnar. Nei, dei måtte vera forsiktige, slik at dei hadde full kontroll med alt som hende rundt seg.
”Der.” Det var Johan som kviskra. ”Litt til venstre for den store einekaven, 100m lenger opp. ”Elling nikka, då han såg ein bevegelse der framme og noko brunt. ”Det er langt hold, men vanskeleg å koma nærare, så vi prøver herifrå. Du skyt det første skotet.” Dei la seg i stilling så godt dei kunne, og fekk bjørnen i sikte. Det var Johan som skaut først, som avtala, og smellet hadde ikkje stilna før det kom eit til. Der framme fekk dei sjå at bjørnen gjorde eit kast på seg og trilla ned bak haugen den hadde oppheldt seg på. Litt etter kom den fram igjen, lenger oppe no og i fullt firsprang og så fekk dei sjå at det sprang to bjørnar til, ilag med den dei hadda skote på. At det var ei binne med to ungar dei jakta på, var det ingen som visste og det var kanskje best, for ei binne med ungar er farleg, spesielt når ein er usikker på kvar den oppheld seg. ”Der fer dei.” Det var Elling som braut stillheita. ”Lat dei fare, det er livsfarleg å fylje etter,” svara Johan, tydeleg skuffa.
Då han kom heim, kunne far hans fortelja at bjørnebinna hadde sprunge langs bjørnestien under Rambjøra og forsvunne over fjellryggen mot Varvika. ”Eg fylgde ho og ungane i kikerten og eg trur dokke begge må ha bomma, for dei held god fart i det vanskelege terrenget. Johan nikka og var einig og tenkte at skotet sikkert gjekk under. Han var irritert over at han kunne gjera ein slik enkel feil som å sikte for lavt.
Seinare kom det fram at bjørnejeger Johan Alnæs frå Verma i Romsdalen, hadde den 16 mai 1914, skote tre bjørnar i Buvikmarka i Nesset. Dette var ei tid då bjørnestamma var kraftig redusert, så defor er det truleg at desse 3 bjørnane var dei same som Johan Hoem (Myrå) og Elling Hoem (Nylenda) jakta på under Rambjøra på Hoem.
tekst Arne Johan
Bjørnebesøk ved sommarfjøsane.
Dette er ei spesiell historie, synest eg, men det er ikkje sikkert den var så spesiell på den tida, på 1800 talet. Det er Elen Arntsdotter (Gammel-Elen g.m. Peder Jensson på Sørhoem) som har vidare-fortalt historia og som kanskje opplevde ho sjølv.
På den tida var krøttera på beite heile sommaren og alle gardane på Hoem hadde dyra sine i Hoemsdalen, der det var god plass, lite skog og gode beiteforhold. Men der det var bufe, kunne også bjørnen koma trekkande. Det var difor vanlig å gjete dyra sine på dagtid. Om natta stod dei inne i fjøsen, trygge, men mang ein gong hadde dei høyrt bjørnen brumme utom fjøsveggen og kanskje skrape klørne sine mot fjøsdøra for å teste den.
Ein kveld dei sat å mjølka, var det eit av borna ute, som ropa. ”Mor, her e ein bjørn, kom.” Mor deira var snar å ta pause i melkinga, for det var viktig å få jaga vekk beistet, før han kom for nærme. ”Kom inn i fjøsen alle saman og steng dørene. Eg skal prøve å skremma han bort” Då ho stod åleine ute, klappa ho i hendene og ropa. ”Sjå her no, din stakkar!” Så snudde ho baken sin mot bjørnen, løfte opp skjørtet og trekte underbuksa nedom knea. ”Ser du no?” Og han såg. Men han lika antakeleg ikkje det han såg, for han snudde seg forlegen bort og byrja å trekke oppover lia, vekk frå den avkledde, frimodige budeia.
Endå ein gong hadde dette gamle trikset verka og ho kunne sleppa kjolen ned att for denne gong. Det passa også godt, for no fekk ho sjå ein hest med vogn koma opp bakken mot sommarfjøsane. Det var drengen og merra som kom med reine mjølkespann åt dei, så då var det godt å få kjolen på plass.
tekst Arne Johan
Bjørnejakt ved Svanavollen
Harald Gagnat (Volla) fortalde til sonen Nils
Ein tidleg morgon fekk gardsfolket på Svanavollen sjå ein bjørn på myra nedan for husa. Bonden på garden fekk beskjed og gjekk inn etter geværet, eit munnladnings-gevær. Det tok ei stund før han kom fram i døropninga igjen med nylada børse, og kule og krut i kruttpungen til eit ekstra skot, men bjørnen på myra, hadde god tid.
Det var for lang avstand frå husa og ned dit for eit sikkert skot, så jegeren ville prøve og snike seg usett nedover og rundt på nedsida, der det var nokre tuver å gøyma seg bak. Dette lukkast han med, og på passe hold la han seg ned og skaut første skotet.
Der framme gjorde bjørnen eit byks, og såg seg til sides. Røyken og smellet frå geværet gjorde at han hadde fått auge på skyttaren no og kom rennande imot. Det var for seint for jegeren å lade om eller legge på sprang, så han gjorde som han hadde blitt fortalt andre hadde gjort med hell, og kasta seg på magen og spela daud. Der låg han så, i kalde myra, urørleg og utan å puste, då han plutselig kjende den stygge ånden frå kjeften til den skadde bjørnen. Han frykta at han i neste augneblink ville sette dei store tennene i nakken hans, men det rare hende, bjørnen roa seg og litt etter litt trekte den lenger vekk.
Om det var dei mange ropa oppe frå garden som gjorde at bjørnen miste interessa for mannen som låg urørleg, veit ingen, men då han kom på avstand, fekk jegeren lura fram geværet og kruttpungen. Med forsiktige rørsler lada han på nytt, fekk sikta frå der han låg og trykte av skot nr.2.
Skothaldet var både lengre og vanskelegare denne gongen, men til si glede fekk han sjå bjørnen, som for berre nokre sekund sia stod over han og sleika han i ørene, falle om og bli liggande.
Bonden på Svanavollen kunne endeleg reise seg opp og rope til dei andre at bjørnen var daud, og han sjølv like heil. Men det var ikkje fritt for at han skalv i knea der han stod og betrakta den fullvaksne bjørnen som nær hadde glefst han i nakkeskinnet.
tekst Arne Johan