Forsamlingshuset Bakketun, Hoem-Kvalvåg

Bakketun

Forsamlingshuset Bakketun

Huset blei bygd i 1927-28 og har all tida vore ein viktig samlingsstad for dei to bygdene våre, Hoem og Kvalvåg.  Dugnadsviljen er stor, så huset er i god stand. Innvendig er det nesten uforandra. Sjela til huset er tatt vare på. Inne i salen er det no hengt opp meir kunst av lokale kunstnera. Det er Erling Hoem (Nylenda)og Steinar Kvalvaag (Skaret) som har donert bilder til huset. Vi har så fjerna dei gamle lysrøra i taket, og erstatta dei med smijarns-lampettar på veggane. Den rustne vedomnen er boren ut og fjerna, og vi har fått tak i ein  100 år gamal omn,  i perfekt stand. Den er ca 2 m høg, og har krone på toppen. Trekken dura i ovnen når den er i bruk, så vi er godt nøgde med kvaliteten vi fekk for kr. 10.000. Inne i salen har kunstmålar Omar Kvalvaag f. 1909, hengande 5 originalbilder. 3 av dei er måla i 1931. Eg kan nemne at eit portrett (50 gange 70 cm) av Bjørnstjerne Bjørnson, måla i 1931, er leigd ut til Nesset sparebank. Det heng i inngangspartiet i banken og er eit kraftsenter for Bjørnsonfestivalen i Nesset Kommune.  Scena og veggen rundt er uforandra sia 1931. Den landskjende altertavle-kunstnaren  Ola Sæter (Ola Kunst) f. 1890 i Halsa, dekorerte scena i 1931. Han måla det flotte landskapet på bakveggen, 7 store kulisser og det flotte  sceneteppet . Verdifulle kunstskatta som er i god stand. I 2006 tok vi det store løftet og fekk restaurert sceneteppet for 70.000 kr. Ein betydelig sum for oss, men mange var med å støtta prosjektet, blant anna Hoem og Kvalvåg Sanitetsforeining, Indre Gjemnes Bygdekvinnelag og Stig O Jacobsen. Målarmeister Kjell Arne Årseth fekk oppdraget og har gjort ein flott jobb med å få tilbake gløden i dei gamle fargane. Innbyggarane på Hoem og Kvalvåg er gla i huset og vi prøver å samlast her så ofte vi kan. Det blir avvikla 2 husbasara for året. Så har vi 17-mai feiring og juletrefest. I tillegg er det utleigd til forskjellige formål. Vi hopar å leige ut oftare når vi i år gjer ferdig ombygginga av kjøkkenet. Her vil det bli noko nytt, men vi vil også lage ei utstilling i kråa rundt den gamle vedkomfyren , slik at noko av det gamle blir beheldt. I gangen har vi bygd og montert handikapptoalett. I salen står eit gamalt trøorgel frå 1952, bygd av Vestre Orgelfabrikk på Haramsøya. Det har vore lite bruka i seinare tid, men på husbasareen i 2007 inviterte vi to musikarar til å opptre for oss. Det var organist Erik Fostervoll og sangar Jon Magnar Heggem.  Det vart ei stor oppleving. Dei vakre tonane strømde ut frå det gamle trøorgelet i samspel med den vakre stemma til Jon Magnar,  i eit lokale som er skapt for musikk av Sommero og Hyldbakk. Opptak frå konserten finner du (trykk og vent litt) her

Under konserten
Etter konserten

 

2009-29-jan-kvernhus-og-geitbatbilderbakketundetaljer-2-002
Sceneteppet fra 1931


2009-29-jan-kvernhus-og-geitbatbilderbakketundetaljer-2-013
Ovnen i salen

Er du interessert i å leige huset, som ligg for seg sjølv i naturskjønne omgivelsar, høgt over fjorden, så er prisane : Møte : Kr 500,- Større arrangemang : Kr 1000.-

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG