
Arne Johan Humberset, Astrid Buset og Erling Hoem ved elva
Mandag 16/11 fekk vi besøk av Astrid Buset, rådgjiver for næring og miljø i Gjemnes kommune, angåande søknaden vår om smil-midlar til vidareføring av kvernhus og bru prosjektet. Det er tidlegare gjeve tilskot til igjenoppbygging av brua på gamlevegen mellom Hoem og Varvik og restaureringa av kvernhuset og kvernkallen. Dette arbeidet blir ferdig til våren, så då passar det godt å få inn søknaden no, slik at vi kan ta til med del 2 av prosjektet: å lage nye trerenner, restaurere den 120 m lange åpne kanalen på elvebredda og mure ei vassførings-demning oppe i elva. Astrid viste stor interesse for Hoem Bygdelags arbeid med kulturstien i bygda, som i tillegg til kvernhuset og brua inneheld: Stort naust i Hoemsbukta frå 1700 talet og ein 4-roings geitbåt frå 1850 og garden Nylenda med stabbur og eldhus med bakaromn og arbeidsbenk ved vindauget, så vi har godt håp om fortsatt støtte frå kommunen vår.
Oppistua i Kinna har fått ei ny trivselsbu, med flott utsikt mot Svanavollen og Reinsfjellet. Magne Kvalvåg er eigar og byggmester og har henta matrialene frå egen skog. Vindu og dører er også heimelaga og no manglar berre sprossene. Kvaliteten på arbeidet som er gjort, viser at Magne er ein dyktig og allsidig tømmrar/snekkar, som er glad i faget sitt.


3 ivrige kara, Ole og Tommy Karlsen og Torgeir Halle, har tatt på seg å bytte ut dei grøne takplatene over inngangspartiet med gråfarga pappshingel av typen ”telemark”. Så nok ein gong viser det seg at bygdefolket er lett å be til dugnadsarbeid på forsamlingshuset vårt.Takk til karane og til Raymond Årøe, som har sponsa med takrenner og beslag.

Velkomen heim no, Nils! Vi har savna deg, men har fått tida til å gå ved at vi drog i gang ein dugnad på Vollen, der vi har renovert heimen din Nils, slik at returen til Hoem ikkje skulle bli ein nedtur, etter det fine opphaldet ditt på sjukeheimen i Batnfjorden.
Lykke til Nils, hilsen alle oss på Hoem.

Gruvearbeider Nils Gagnat (Vollen)
Eg vil ta med ei arti historie, som beskrive Nils,”den gode”. Det er Eirik Ståle Ranheim i Flemma, som har opplevd ho, og som fortel:
Det var 2. nyttårsdag og nysnøen låg djup. Eg hadde vore i veda-skogen og etter ei god økt, kjørde eg ned lia og inn på kommunevegen med ei drågå med bjerka-stranga etter traktoren. Eg ville dra dei etter vegen fram til laplassen og håpa at strangane ikkje sprika så mykje at ein bil ikkje kunne klare å passere meg.
Men oppover Ikornbakken ser eg at strangane sprika frå eine grøftekanten og over til den andre, og plutselig får eg sjå ein bil i bra fart kome over bakketoppen imot meg. Eg bremsa opp traktoren, men det vart for seint for sjåføren i bilen å bremse på det glatte føre, så han hiv bilen ut av vegen og i eit snødrev fortsette han inn i djupsnøen i grøfta. Når verste snøgåvet har lagt seg, får eg sjå ein mann i småsko kome ut av bilen, ein Lada, det er Nils, han hiv opp handa som ein hilsen opp til meg i traktoren og ropar: Åå, e de du Eirik Ståle? Godt nyttår !!!
tekst arne-johan
foto jørn

Laurdag 12.09. kom 2 minibussar med kulturinteresserte sunnmøringar til Hoem og Kvalvåg får å sjå den kjende geitbåten og etterpå, forsamlingshuset Bakketun, for å oppleva atmosfæren der og all kunsten som huset inneheld. Blant anna sceneteppet og fleire store kulisser, måla av den kjende altertavlekunstnaren, Ola ”Kunst” Seter f. 1890 i Halsa. Kunstmålar Omar Kvalvaag, f.1909 på Kvalvåg, er representert med 5 store malerier, bl.a. portrett av Ivar Åsen og Bjørnstjerne Bjørnson, malt i 1931. I tillegg er Erling Hoem og Steinar Kvalvaag, to lokale kunstnera representert, med svært godt resultat.
Les mer »
Vel 40 frammøtte fekk ei oppleving i finvêret, i ein fantastisk natur, nedover langs elvebreidden, forbi kvernhuset og brua, over eit lite høgdedrag og ned i den vakre Hoemsbukta, der dei sterkaste av oss karane gjekk inn i det 250 år gamle Nylenda-naustet, og kom ut igjen, bærande på eit klenodie, ein 4-roings geitbåt, bygd i Innistua i Varvik i 1850.
Rundt dei utsette langborda ved sjøkanten, fint pynta med villblomster og papptallerkenar med dei herligaste kakestykke, stilna brått praten og spenninga steig, då Oddbjørn Gundersen frå Frei, rak i ryggen som ei geitbåtåre, kom bærande på den lange masta og råseglet og rigginga av geitbåten på land kunne ta til.
Vi var ikkje tunge å be, då Oddbjørn trengde ei hand eller tre, men råsegl-bommen heiste han sjølv og når landvinden fyllte seglet og master-foten knirka i kjølhålet, føltes det som om vi sat på ei tofte i båten, blant seglsteinar og fiskevegn, seglande i 7-knops fart ut mot fiskebankane og stortorsken. Ei stor oppleving for oss alle. Så takk til Oddbjørn og applausen etterpå var vel fortent.
Vi avslutta vandringa på garden Nylenda, der det vart meir kaffi og bakels, etter besøk på stabburet, i eldhuset og den nyrestaurerte bakaromnen. Ikkje før sola gjekk ned, tusla dei siste heim, fulle av inntrykk og god prat og kanskje med eit heimebaka Hoemsbrød under armen.
Stor takk til Hoem bygdelags medlemmar, for ein perfekt dag.


Heldige Marie og Jan som har egen dreng på garden. I sitt 93 år tar Kristen Jonsson Hoem (Myran) framleis på seg viktige jobbar som her, sette opp ein utgard.
Les mer »

Kvitrosa i godt driv.

To ombreidd og bonden bak.
Etter ei veke med rauting i fjøsen, kom endeleg kuslepp-dagen og to ombreidd, sprengde dei seg ut fjøsdøra, galopperte forbi bislaget og bestemor Ingrid, som stod i spenning og heldt seg fast i dørholet, ned mot opninga i gjærdet og ut på beitet, der løvetanna stod gul og freistande.
Heldige vi som bur på landet og får oppleve denne gledens dag, ved å stå vakt ved grusvegen med ein lang rognepøk i høgrehanda, klare til å gji kyrne ein smekk på bogen om farta blei altfor vill, men det gjekk godt denne gongen og.

Bestemor i dørholet

Magne og Jørund. To av dei som har vore med.
Som dåkke ser er vi godt igang med fornyinga av kjøkkenet. Dette viktige tiltaket skal vera avslutta til 17 mai feiringa. Eg vil takke dei som har delteke i arbeidet, og dei som har støtta oss og sett viktigheita av å ha eit funksjonelt og triveleg kjøkken på Bakketun. Takk også til kommunen for pengestøtte.
Formann