Kulturstien

Veivisern...

Jørn og Arne Johan monterer vegviseren ved r.v. 666.

Kulturstien på Hoem startar 100 m før bommen mot Kinnavegen og går frå parkeringsplassen, over innmarka og  inn på kjærrevegen mot kvernhuset, vedkaiene og nausta.  Ned i bakken på Buavollen, stoppar vi ved tuftene etter ei høybu frå 1700 talet. (les meir under:  prosjekter- høybu på Buavollen)

Tufter etter høybu

Tuftene etter høybua

Vi går så  nedover mot Storelva,  gjennom eit frodig område med store almetre og gråor. Vidare langs elvebreidden til den utgravne kanalen  som leda vatnet  mot trerenna og kvernakallen. Vi gjer ein stopp ved kverna og brua på bygdevegen. (les meir under:  prosjekter-  kvernhus og bru)

Vi forlet kverna,  går 500m etter vegen  over eit lite høgdedrag på Trøin og ned langs Naustslettet til det 250 år gamle Nylenda-naustet og 4-roings geitbåten, bygd i Innistua i Varvika i  1850. Vi er så heldige å ha avtale med seglmakar og styrmann Oddbjørn Gundersen frå Frei og han vil sette sitt eige rå-segl på geitbåten under kulturminnevandringa. Det blir ein stor opplevelse. Deltakarane blir med på å dra båten ut frå naustet og helper til med rigging av seglet.(les meir under: prosjekter-  geitbåt og naust)

Frå naustet  kan vi og sjå den høge rundsteins-muren, vedkaia og dampbåtkaia. Vi ser  og Munkhammaren, der D/S Driva låg inntil berget i skjul under presenning og granbar, etter å ha blitt forsøkt bomba ved Visnes i Eide under gulltransporten frå Molde i 1940.

Vi vil selge: kaffe, te og saft. Tjukklefse, bakels med rømme og sylte, blåbærkake og skuffekake her ved nausta og badestranda, i den vakre Hoemsbukta, om veret er bra. Det blir sett fram bord og benkar, ute og inne i dei svale nausta. Det blir og salg av dei populære t-skjortene våre.

Til slutt går vi bakkane opp til garden Nylenda. Der vi går inn i eldhuset og ser bl.a på bakaromnen og arbeidsbenken ved vindauget. Frå gamle trau,  blir det salg av heimebaka Hoems-brød. Stabburet blir og ope. Vi avsluttar kulturstien ved å gå gamlevegen forbi badstua og fram til parkeringsplassen. Det vil bli tilbydt skyss frå nausta og opp siste del av løypa.

1 kommentar

  • Skrevet av Per Kåre Gagnat , 30. juni, 2009 @ 00:18

    Flott vandring og mye interessant å høre på kulturminne-arrangementet laurdag 27.6. Og god mat!
    Noen bilde fra Hoems-området er på min hj.side (dersom adr kommer frem er det link til Hoem på venstre side når man klikker seg inn, en del bilde fra Reinsfjellet mv under valget Friluftsliv).

Andre lenker til denne posten

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG