Category: Generelt

Ny artikkel under utarbeiding: “gamle Hoemsetervegen”. Du finn han under “Prosjekter og artikklar” Takk til Rolf Arnold Enge for at vi kan bruke hans far Rolf Enge`s skisser og akvarell frå Hoemsetra i artikkelen.

Gamle postkort

Harald Duaas frå Aspåsen har tatt kontakt med oss og fortalt om sin store interresse for gamle postkort med bilder av gardar eller bygder i distriktet vårt. Han har alt ei fin samling og er ivrig på å forklare oss at dette er ein viktig del av kulturarven vår og at samlinga ein gang i framtida vil bli gjeve til eit museum eller liknande, slik at alle kan sjå den. På Hoem bygdelags heimeside vil det også bli lagt ut ein oversikt som gjeld for Hoem.
Han kom med ei oppfordring til oss alle:  “Har vi slike postkort eller gamle julekort, kanskje med post-stempel frå Hoem eller frå eit av dei andre postkontora som var på gardane før i tida, så ta kontakt med meg på mail:   harald.duaas@c2i.net    eller   tlf 712 92673″ eller redaksjonen for heimesida.

Innsamlinga er godt igang, men eg skulle starta for 10 år sia!! sei Harald t.v.

Husbasar på Bakketun forsamlingshus 08.10. 2011

Godt besøkt basarbord til høgre, Erna og Ola rett fram og Harald, Åse og Maria til venstre.

Laurdagskvelden kom og storsalen på Bakketun vart fyllt opp til siste stol. Programmet utover kvelden vart underholdande, med sang og musikk, humorinnslag, åresalg og loddtrekning til slutt. I mellom slaga vart det servert sodd og kaker med kaffe og te, til kr 50.
Mange fine gevinster vart fordelt utover salen, bl.a. heimelaga appelsinmarmelade m/aprikos og rundbrød baka av Åse Duaas. Godt gjordt, men ikkje første gang ho overrasker oss med heimelaga gevinster til husbasaren på Bakketun.
Takk til styret for ein fin kveld.

Storsalen blei full

Marmelade-damen rett fram, omkransa av Angvikingar og Flemmstubbar

Ole Karlsen har kjøkkentjeneste

 

Therese og Anne underheldt oss med sang og gitarspill. Jørn ventar tolmodigved basarbordet.

Sodden var god den, syns både Emilie og Even.

Populært med åresalg. Sara fristar med omgangens siste gevinst.

 

Olav Torjuul fekk latteren igang med mange sjølvopplevde funderingar.

Sanginnslag der ordet "kor" var trøbblete gjengangar.

 

Olav prøver å gå Bjørn Austigard i næringa.

Amerikaklokkå

I finveret, søndag 7. august fekk ca 300 frammøtte oppleve folkekomedien “Amerikaklokkå” av Arild Hoksnes, framført på gardstunet i Oppistua i Kinna. Endre Skar i samarbeid med Lyngstad U.L. produserte stykket, som omhandla livet på ein gard i 1960 åra, med brytninga mellom gamal og ny tid og taterbesøk som hoved tema. Mange artige figurar og vi kjende fort igjen ein av dei, nemlig Endre Endresen, Flemma, som ilag med alle dei andre gjorde karakterane truverdige og levande. Topp lyd, stort driv, god humor og knallfint ver.  Terningkast 6 !

Det blei fullt på vollen ved Oppistua i Kinna

Tull-Thomas Taraldsen (Odd Arne Halaas) og Gammel-Erik Myren (Stein Jøran Greff)

Traktor, du liksom! Maren (Mette Fjøren), Knut Myren (Endre Endresen), Lisje-Erik (Eldar Skar)

Gammel-Erik setter hesjastaur. Lensmann Gabriel Grevskott (Tommy Stormo) t.v.

Gammel-Erik har fått ny kvit-skjort, som er for lang og iveja.

Lisje-Erik retter opp en misforståelse for Vakker-Maria (Silje Botten)

Kva er forskjellen mellom gummi og tyggegummi?

...første røyken på 30 år

foto  : Jørn Michaelis

tekst : Arne Johan Humberset.

 

Bygdestua “Ånesstua” har fått sin egen rubrikk!

Sjå oppe på første linje….

Arboretet oppi Kinna

Sesongen 2011 er igang i arboretet. Trærene fra Haugesund og Nøtterøy har blitt plantet ut. Trond, Mikkel og Gaute har jobba mange timer med gjæring og planting. Dette året har vi utvida med ca 30 trær, så nå er det totalt ca 140 sorter. Noen trær kommer nok til å få problemer med klimaet, men det er noe en må regne med. Les mer »

Stor dag for oss på Hoem

Langfredag inviterte Hoem bygdelag til påskefrukost i nystua  på Hoem, kalla Ånesstua. Gleden blei stor når salen fylltes av 35 feststemte og fest blei det, der vi sat i gode stolar rundt dei 2 eldgamle langborda og i sofakroken ved den åpne peisen. Les mer »

Nytt bidrag på “Fjellturer”

Sjå på kategori “Fjellturer” – Hannelore har vært på fjelltur

Synfaring i Ånesstua på Hoem

Hoemsballane er frå venstre: Jan, Marie, Fanny, Kjell, Magne, Arne Johan og Hannelore

Ombygginga av hundepansjonatet til bygdestue og museum er komen godt i gang og derfor syntest vi det var på tide no å invitere bygdefolket på synfaring med ”noget attåt”. Les mer »

Haustbasar på forsamlingshuset Bakketun. Hoem/ Kvalvåg, 30.10. 2010

Les mer »

HOEM BYGDELAG