Sunnmørs-besøk på forsamlingshuset Bakketun- Hoem/Kvalvåg

Laurdag 12.09. kom 2 minibussar med kulturinteresserte sunnmøringar til Hoem og Kvalvåg får å sjå den kjende geitbåten og etterpå, forsamlingshuset Bakketun, for å oppleva atmosfæren der og all kunsten som huset inneheld. Blant anna sceneteppet og fleire store kulisser, måla av den kjende altertavlekunstnaren, Ola ”Kunst” Seter f. 1890 i Halsa. Kunstmålar Omar Kvalvaag, f.1909 på Kvalvåg, er representert med 5 store malerier, bl.a. portrett av Ivar Åsen og Bjørnstjerne Bjørnson, malt i 1931. I tillegg er Erling Hoem og Steinar Kvalvaag, to lokale kunstnera representert, med svært godt resultat.

Read more »

Bygdevandring på Hoem i Gjemnes 27.6.09

Vel 40 frammøtte fekk ei oppleving i finvêret, i ein fantastisk natur, nedover langs elvebreidden, forbi kvernhuset og brua, over eit lite høgdedrag og ned i den vakre Hoemsbukta, der dei sterkaste av oss karane gjekk inn i det 250 år gamle Nylenda-naustet, og kom ut igjen, bærande på eit klenodie, ein 4-roings geitbåt, bygd i Innistua i Varvik i 1850.

Rundt dei utsette langborda ved sjøkanten, fint pynta med villblomster og papptallerkenar med dei herligaste kakestykke, stilna brått praten og spenninga steig, då Oddbjørn Gundersen frå Frei, rak i ryggen som ei geitbåtåre, kom bærande på den lange masta og råseglet og rigginga av geitbåten på land kunne ta til.

Vi var ikkje tunge å be, då Oddbjørn trengde ei hand eller tre, men råsegl-bommen heiste han sjølv og når landvinden fyllte seglet og master-foten knirka i kjølhålet, føltes det som om vi sat på ei tofte i båten, blant seglsteinar og fiskevegn, seglande i 7-knops fart ut mot fiskebankane og stortorsken. Ei stor oppleving for oss alle. Så takk til Oddbjørn og applausen etterpå var vel fortent.

Vi avslutta vandringa på garden Nylenda, der det vart meir kaffi og bakels, etter besøk på stabburet, i eldhuset og den nyrestaurerte bakaromnen. Ikkje før sola gjekk ned, tusla dei siste heim, fulle av inntrykk og god prat og kanskje med eit heimebaka Hoemsbrød under armen.

Stor takk til Hoem bygdelags medlemmar, for ein perfekt dag.

dig_0906174nw

Kristen i “Myran” set opp utgard

2009-mai-kristen-slar-med-lja-012w

Heldige Marie og Jan som har egen dreng på garden. I sitt 93 år tar Kristen Jonsson Hoem (Myran) framleis på seg viktige jobbar som her, sette opp ein utgard.
Read more »

17. mai 2009 på Bakketun

dig_0905141nww

Read more »

Kuslepp på Nylenda

tekst

Kvitrosa i godt driv.

tekst

To ombreidd og bonden bak.

Etter ei veke med rauting i fjøsen, kom endeleg kuslepp-dagen og to ombreidd,  sprengde dei seg ut fjøsdøra, galopperte forbi bislaget og bestemor Ingrid,  som stod i spenning og heldt seg fast i dørholet, ned mot opninga i gjærdet og ut på beitet, der løvetanna stod gul og freistande.

Heldige vi som bur på landet og får oppleve denne gledens dag, ved å stå vakt ved grusvegen med ein lang rognepøk i høgrehanda, klare til å gji kyrne ein smekk på bogen om farta blei altfor vill,  men det gjekk godt denne gongen og.

Bestemor i dørholet

Bestemor i dørholet

Dugnad på Bakketun

Dugnad på Bakketun

Magne og Jørund. To av dei som har vore med.

Som dåkke ser er vi godt igang med fornyinga av kjøkkenet. Dette viktige tiltaket skal vera avslutta til 17 mai feiringa. Eg vil takke dei som har delteke i arbeidet, og dei som har støtta oss og sett viktigheita av å ha eit funksjonelt og triveleg kjøkken på Bakketun. Takk også til kommunen for pengestøtte.

Formann

Holgrusing av Kinnavegen

dscf3675w

Dei har teke på seg eit stort arbeid, familien i Negarden i Kinna, men som vi ser er arbeidslysta og samarbeidet godt innarbeida i den aktive familien med: Gaute, Mikkel, Therese og Trond.

dscf3678w

Lammingen har begynt

Christoph med ein av de to første lamm

Christoph med et av de to første lam

Eit av dei to første  lamma på Nybråten – mor og barn har det bra (19/4.09)

Påsketuristar

Då er påska over for i år og påsketuristane er på veg heim. Slik som Kjetil og Mathias oppe i Hommelhagen. Vi som er att på Hoem takkar for laget og ønsker dei god tur på den lange vegen sørover til Oslo.

tekst

Mathias og Kjetil

Overlevering av jaktbu

Jaktbu ble overlevert

Jaktbua blei høgtidleg overlevert på Nylenda –  8/4  2009

Vald-leder Erling Hoem mottar fullisolert og nøkkelferdig jaktbu til bruk under storviltjakta på jaktvald Hoem-øst. Den har fått navnet Hoem`s bu. Trond Hoem har laga understellet, Arne Johan Humberset overbygget. Vi ønsker Erling lykke til, og takkar for det spennande oppdraget.

Jaktbu invendig
Jaktbua  innvendig. Kvilebenken til venstre.

HOEM BYGDELAG