Ånesstua, bygdestua vår
Vi har, med Jørn i spissen, endelig starta arbeidet med å henge opp Rolf Enge`s kunstsamling med motiv frå Hoem og Kinna, og tirsdag 25/7 fekk vi i den anledning besøk av Rolf Arnold Enge, kunstnerens sønn, som ville sjå huset og lokalet og i tillegg utvide samlinga vår med fleire originalteikningar, akvareller og fotografier. Vi fekk og ei av kunstneren`s første fluestenger og eit flott portrettfoto av han.
Vi var fleire oppmøtte denne kvelden, spente over å sjå kva Rolf Arnold hadde med til oss og Ånesstua. Vi vart ikkje skuffa, og når han i tillegg gir oss positiv respons og uttykker stor glede over at den store samlinga no er komen fram i lyset og kan opplevast av publikum på ein god måte, så gir det oss i Hoem bygdelag inspirasjon i arbeidet med den spennande oppgåva vi har tatt på oss.
Foto og tekst
Ajh






