Premiere på Hoem: Bakarovnen ble tatt i bruk!

Den gamle steinovnen på Nylenda ble tatt i bruk etter 50 års hvile! Les mer under «Prosjekter og artikler», så «Bakarovnen på Nylenda»

Folkekomedien «AmERIKaKLokkÅ»

Laurdag 14/07 kl.16.00 blir folkekomedien »Amerikaklokka» av Arild Hoksnes, regi: Endre Skar,  satt opp på nytt i Kinna på Hoem. Vi håper på finever, mykje folk og god stemning som sist. Matsalget vil Hoem bygdelag stå for og det blir salg av dei populære t-skjortene våre også. Ta med stol eller sitteunderlag og møt opp i god tid. Parkering er ingen problem og bomavgifta er inkludert i billettprisen. Følg skiltinga frå fylkesvegen og kjør deretter ca 3km rett fram til Kinna, «der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

«Tingvoll kystlag» på Hoembesøk

Søndag 1.juli 2012 kom 12 medlemmar av kystlaget til Hoemsbukta i 2 tresnekker. Anledninga var å besiktige 4-roings geitbåten i Nylendanaustet for å seinare å registrere og bygge ein kopi av den. Båten på Hoem er spesiell pga at det kan dokumenterast når og kven som bygde den og i tillegg har den fremste eksperten på geitbåtar, Jon Godal uttalt at båten på Hoem er eit leksikon for framtidige geitbåtbyggarar. I tillegg er den interresang for tingvollingan, fordi den i ca 100 år vart bruka som kyrkjebåt mellom Hoem og Tingvoll. (les meir om geitbåten på heimesida under «prosjekter og artikkler.»)

Kystlaget fekk torslått og striregn under overfarten, men det vart lettare ver etter kvart så oppholdet deira på Hoem eller «Tingvoll sørland» blei vellykka med ein kaffitår og wienerbrød som avslutning. Kanskje kan besøket bli starten på eit samarbeid mellom dei to laga våre, Tingvoll kystlag og Hoem bygdelag? Vi får sjå.


HOEM BYGDELAG