Gaupebesøk på Hoem, mai 2012

Raymond i Vika fekk sjå gaupa frå kjøkkenvindauget då ho gjekk nedfor husa og passerte det store framhjulet på traktoren. Han fortel at ho var like høg som overkanten på traktorfelgen. I Vika vart det og funne eit halvspist rådyr. Gaupa vart så den 3. mai observert frå bilen av Eirik Ståle frå Nistua i Flemma, springande over fylkesvegen og vidare oppover Langåkeren på Nylenda. Same kvelden, då hunden på Karihåjen skulle luftast, fekk Arne Johan sjå ho sitte midt på Samuelstumarka ca 50m lenger framme. Då eg kom nærmare, reiste den seg og i lange rolige hopp svevde den over bygdevegen og i skjul.

Neste kveld då Kjell på Sørhoem gjekk ein tur opp i garasjen fekk han høyre nokre ukjende lydar, uling og bjeffing. Han gjekk då ned mot løa og fekk sjå gaupa sitt innpå marka. Han lura seg så inn i huset og fann fram kikkerten og kona Fanny og dei to gjekk ut på balkongen og fekk sjå gaupa då ho rolig gjekk nedover marka og i skjul. Neste kveld låg ho på braddkanten og åt på noko, så neste morgen gjekk Kjell ned dit og der fann han ein halvspist hjortekalv og litt lenger nede låg det ein god del hjorte-pels spredd utover.

At det er observert eit slikt flott dyr i nærmiljøet vårt er både spennande og nifst, men ein stor opplevelse var det å sjå dette vakre dyret både sittande og i firsprang. For dei som no er igang med å sleppe dyra sine ut på beite er det ikkje så kjekt. På Nybråten har sauebonden Jørn og Hannelore f.eks. bestemt seg for å jage dyra sine inn i den trygge fjøsen om natta og det er sikkert ei god løysing for dei.

HOEM BYGDELAG