Kvernhusprosjektet

Rolf Amundsen, Gjemnes kommune t.v. og Erling Johan Hoem, prosjektansvarlig

 Bygging av vassførings-demning i Hoemselva med støtte av komunale SMIL-midlar.

Vi vil mure opp demninga med synlig elvastein og 15 cm armert betong. Lengda blir 4.5 m. Plasseringa blir 6 m lenger oppe i elva enn den gamle, det gjer at høgda på demninga kan justerast ned til 100 cm.Den lave høgda gjer at styrken blir god og det blir lettare å få til ei laksetrapp eller ein kanal som fisken kan bruke. Sokkelen blir støypt og armert fast i store steinar som ligg i ein halvsirkel, halvt nedgrave i elvebotnen. Demninga skal ligge som før, i ei forgreining av elvaløpet, med mindre vassføring enn hovedløpet. Ei spalte i demninga, med måla: H= 100cm, B= 40cm, skal ha ei regulerbar luke.Botnen i spalta ligg 40cm under overkant overløp i demninga. Ei trerenne skal ved behov, monterast i spalta, for å lede vatnet frå demninga og inn i kanalen som går nedover elvebreidda mot kvernhuset. Vasstrålen som treff kvernekallen gir rein energi, tilsvarande ca 25 hk.

Mai 2012. Ajh

skisse av vassføringsdemning AjH

Kostnadsoverslag ved prosjekt kvernhus på Hoem

1. Vassføringsdemning:

arbeid:

100 t a kr 100 =                                                     kr 10.000

Støypesand, sement, forskaling  =                            kr 4.000

kjøring: 120km a kr 3  =                                              kr 390

 

2. Kanalen (120m):

Arb: rydding av skog, planering, justering, torvlegging

150t a kr. 100 =                                                    kr 15.000

                                                                                          I alt kr. 29.390 er det søkt om

HOEM BYGDELAG