Gamle postkort

Harald Duaas frå Aspåsen har tatt kontakt med oss og fortalt om sin store interresse for gamle postkort med bilder av gardar eller bygder i distriktet vårt. Han har alt ei fin samling og er ivrig på å forklare oss at dette er ein viktig del av kulturarven vår og at samlinga ein gang i framtida vil bli gjeve til eit museum eller liknande, slik at alle kan sjå den. På Hoem bygdelags heimeside vil det også bli lagt ut ein oversikt som gjeld for Hoem.
Han kom med ei oppfordring til oss alle:  “Har vi slike postkort eller gamle julekort, kanskje med post-stempel frå Hoem eller frå eit av dei andre postkontora som var på gardane før i tida, så ta kontakt med meg på mail:   harald.duaas@c2i.net    eller   tlf 712 92673″ eller redaksjonen for heimesida.

Innsamlinga er godt igang, men eg skulle starta for 10 år sia!! sei Harald t.v.

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG