Gamle postkort

Harald Duaas frå Aspåsen har tatt kontakt med oss og fortalt om sin store interresse for gamle postkort med bilder av gardar eller bygder i distriktet vårt. Han har alt ei fin samling og er ivrig på å forklare oss at dette er ein viktig del av kulturarven vår og at samlinga ein gang i framtida vil bli gjeve til eit museum eller liknande, slik at alle kan sjå den. På Hoem bygdelags heimeside vil det også bli lagt ut ein oversikt som gjeld for Hoem.
Han kom med ei oppfordring til oss alle:  «Har vi slike postkort eller gamle julekort, kanskje med post-stempel frå Hoem eller frå eit av dei andre postkontora som var på gardane før i tida, så ta kontakt med meg på mail:   harald.duaas@c2i.net    eller   tlf 712 92673″ eller redaksjonen for heimesida.

Innsamlinga er godt igang, men eg skulle starta for 10 år sia!! sei Harald t.v.

Husbasar på Bakketun forsamlingshus 08.10. 2011

Godt besøkt basarbord til høgre, Erna og Ola rett fram og Harald, Åse og Maria til venstre.

Laurdagskvelden kom og storsalen på Bakketun vart fyllt opp til siste stol. Programmet utover kvelden vart underholdande, med sang og musikk, humorinnslag, åresalg og loddtrekning til slutt. I mellom slaga vart det servert sodd og kaker med kaffe og te, til kr 50.
Mange fine gevinster vart fordelt utover salen, bl.a. heimelaga appelsinmarmelade m/aprikos og rundbrød baka av Åse Duaas. Godt gjordt, men ikkje første gang ho overrasker oss med heimelaga gevinster til husbasaren på Bakketun.
Takk til styret for ein fin kveld.

Storsalen blei full

Marmelade-damen rett fram, omkransa av Angvikingar og Flemmstubbar

Ole Karlsen har kjøkkentjeneste

 

Therese og Anne underheldt og Jørn ventar tolmodigved basarbordet.

Sodden var god den, syns både Emilie og Even.

Populært med åresalg. Sara fristar med omgangens siste gevinst.

 

Olav Torjuul fekk latteren igang med mange sjølvopplevde funderingar.

Sanginnslag der ordet "kor" var trøbblete gjengangar.

 

Olav prøver å gå Bjørn Austigard i næringa.

HOEM BYGDELAG