Stor dag for oss på Hoem

Langfredag inviterte Hoem bygdelag til påskefrukost i nystua  på Hoem, kalla Ånesstua. Gleden blei stor når salen fylltes av 35 feststemte og fest blei det, der vi sat i gode stolar rundt dei 2 eldgamle langborda og i sofakroken ved den åpne peisen.

fr.v. Therese, Kjell, Ingrid, Magne og Even

I sofakroken ved peisen, Mikkel, Gaute, Mathias, Jørn med foto og Therese

Formann Jørn Michaelis ønskte alle velkomne og ba alle forsyne seg av dei bugnande matfata. Så takka han dei to snekkarane Magne Kvalvåg og Arne Johan Humberset for stor innsats. Vi fekk høre at dei to har donert til Ånesstua, dugnadsinntektene sine (smilmidler) frå kvernhusprosjektet dei også jobbar med. Dei har og reparert traktorhengeren til Erling og det gav ikkje mindre enn 6000 kr til kassa. Gjøko har gjitt 75m2 tarkettgolv og utvendig beis. Malo Sagbruk gir 40 m2 balkonggolv til uteplassen, Gjemnes rør gir et klosett, Raymond Aarø har gitt pipebeslag, Roger Tunheim har skaffa 21 gode stoff fint brukte stolar, peisen i salen og dei to langborda er frå Nylenda, Uli Wolf på Munkhammaren har gitt ein kronhjort i bronse, Hydrotec i Hoemsbukta har gitt ei fin pengestøtte til det omfattande arbeidet og Jørn Michaelis har lagt ståltak på overbygga ute og har ansvaret for Rolf Enge utstillinga. STOR TAKK ! til alle

Erling Johan Hoem fekk gode ord for godt samarbeid og for å la bygdelaget fritt disponere huset f.eks. som møtelokale og som ein viktig del av bygdevandringa, med museum, kafe og kunstutstilling, med hovudvekt på kunstneren Rolf Enge`s teikninger og akvareller med motiv frå Hoem.

Det blei også overrekt innflyttingsgåver: Nils Gagnat (Volla) gav eit flott portrett av seg sjølv, teikna i 1982 og ei Enge`s  “Fly-a-spin” 10ft. carbon fluestang, begge laga av Rolf Enge.

Even Hoem Humberset overrekte ein bearbeidd og innramma kopi av det eldste kartet (draftet) av fjordane her på Nordmøre, som hollenderane på 1600 talet segla etter, då dei kom nordover og ankra opp i Hoemsbukta for å handle rundtømmer, skåren plank og bjerkeved. Plankane var skårne på ei oppgangssag som stod nede ved sjøen i Hoemsbukta. Det må bety at Amsterdam er bygd av og på furustokker bl.a. frå Hoem.

I det fine veret trekte folk etter kvart ut og praten gjekk lett om laust og fast, bl.a. om vidare bruk av huset, og forslaga frå ungdommane var mange: Bryllup, barnedåp, gebursdagar, laurdagskafe, møter, hobbyverksted, galleri, fotball på storskjerm ++, så det ser lyst ut for huset der det ligg, fint til ved fjorden, kvernhuset og brua.

fr.v. Ida, Sina og Marta med Hedda på armen

fr.v. Even, Eivind, Harald, Ida. framme ved bordet: Mari Ann, Emilie og Stian rett bak.

fr.v. Arne Johan, Jan og Fanny

fr.v. Therese, Trond, Erling, Kjetil og Andrine

Wenche, Mari Ann, Emilie, Maria og Richard ståande, Even og Eivind

fr.v Kjell og Nils

xxx

fr.v. Eivind og Even

fr.v. Sina, Wenche, Marit, Maria og Roger

fr.v. Martha, Ingrid, Ingvill og Sina

 

2 kommentarer

  • Skrevet av Even Hoem Humberset , 3. mai, 2011 @ 21:17

    Dette var ein minnerverdig dag!
    Mykje folk, god stemning, knallvær og splitter nytt lokale!
    Gleder meg til neste samling på Ånesstua! :)

  • Skrevet av sina , 30. desember, 2011 @ 09:58

    Heilt enig! Det va kjempekoselig :)

Andre lenker til denne posten

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG