Synfaring i Ånesstua på Hoem

Hoemsballane er frå venstre: Jan, Marie, Fanny, Kjell, Magne, Arne Johan og Hannelore

Ombygginga av hundepansjonatet til bygdestue og museum er komen godt i gang og derfor syntest vi det var på tide no å invitere bygdefolket på synfaring med ”noget attåt”.

Vi sat benka rundt langbordet og mens deilige sveler, kanelboller og småkaker gjekk ned på høgkant, vart det info om vidare planer: I stua blir det lagt nytt flytande golv, så innreier vi eit toalett ute i gangen og til slutt fornying av kjøkken og bad.

Hoem bygdelag har no tatt over ansvaret for Rolf Enge`s store kunst-samling som heng på Hoem skule og den skal utstillast i bygdestua, til stor glede for alle på Hoem. Her blir det utgjifter til skikkelig oppheng og belysning.

Pengane til alt dette har vi ikkje no, men vi håper på gledelige tilskudd og sponsing frå bydas egne innbyggarar. Vi vil søke fylket om støtte til det som har med utgjifter til kunstutstillinga å gjer. Optimisme og arbeidslyst har vi i alle fall.

Vi avslutta ein koslig kveld med ein ekstra takk til Magne Kvalvåg og Arne Johan Humberset for stor og viktig innsats for bygdas egen bygdestue kalla  ”Ånesstua”

frå venstre: Erling, Ingvill, Jan, Marie og Fanny. Foto: Jørn.

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG