Bak-fram kalving på Nylenda
Det var god fyr i peisen og endeleg laurdagskvelden heime. På stuebordet var det sett fram brus og pizza og NRK skulle straks sende siste episode av ”Med hjarte på rette staden” og vi gledde oss.
Plutselig og meget ubeleilig, for å sei det mildt, ringde det i mobilen. Men eg tok han då eg såg det var Erling som ringde: ”kan du kome ned i fjøsen og hjelpe å dra kalv? Eg har ringt dyrlegen på Eide fordi kalven i den fyrstegangsfødande kviga ligg med bakbeina først, men han kvia seg på å køyre den lange turen i snøkave. Har du ikkje nokon du kan spørje om hjelp?, sa han, så no spør eg deg.”
Eg svara ok og eg kjem med ein gong, men grua meg til å ver med på ein slik vanskeleg fødsel, det var lenge sidan sist, for meg.
Nede i fjøsen, bak kviga, stod bonden og Wenche og drog i reima som var slått rundt dei synlege bakfot-klauvene. ”Vi ventar litt” sa Erling medan han strauk og godsnakka med kviga til ho endeleg la seg ned og riene kom. ”No, men roleg i starten”. Og heldigvis, kalven kom den, og vi heldt han opp ned, til han hosta ut slim og fostervatn og vi såg at han kvikna til. Wenche smilte og lo, då ho såg livslysta i den svarte kvigekalven, og tenkte nok på sin eigen fødsel i mai.” He du mista lysta, du no då Wenche? spurde eg. ”Ne-hei, eg gler meg og ligg han feil vei som her, blir det keisarsnitt i Trondheim, enkelt og greitt.” Latteren til Wenche klukka mellom dei store kyrne, som alle verka fornøgde med livet etter å ha fått ein ekstra gaffel silo før kalvinga kom i gang.
Fødselen over for den eine…..

