Nils

Velkomen heim no, Nils! Vi har savna deg, men har fått tida til å gå ved at vi drog i gang ein dugnad på Vollen, der vi har renovert heimen din Nils, slik at returen til Hoem ikkje skulle bli ein nedtur, etter det fine opphaldet ditt på sjukeheimen i Batnfjorden.

Lykke til, hilsen alle oss på Hoem.

Nils

Nils Gagnat (Vollen)

Eg vil ta med ei arti historie, som beskrive Nils,”den gode”. Det er Eirik Ståle Ranheim i Flemma,  som har opplevd ho, og som fortel:

Det var 2. nyttårsdag og nysnøen låg djup. Eg hadde vore i veda-skogen og etter ei økt, kjørde eg ned lia og inn på kommunevegen med ei drågå med bjerka-stranga etter traktoren. Eg ville dra dei etter vegen fram til laplassen og håpa at strangane ikkje sprika så mykje at ein bil ikkje kunne passere meg.

Men oppover Ikornbakken ser eg at strangane sprika frå eine grøftekanten til den andre, og plutselig får eg sjå ein bil i bra fart kome over bakketoppen imot meg. Eg bremsa opp, men det vart for seint for sjåføren å bremse på det glatte føre, så han hive bilen ut av vegen og i eit snødrev fortsett han inn i snøen og ned i den djupe grøfta. Når verste gåvet har lagt seg, får eg sjå ein mann i småsko kome ut av bilen, ein Lada. Han hiv opp handa, som ein hilsen opp til meg i traktoren og ropar:  Åå,  e de du?  Godt nyttår !!!

tekst  arne-johan

foto   jørn

Sunnmørs-besøk på forsamlingshuset Bakketun- Hoem/Kvalvåg

Laurdag 12.09. kom 2 minibussar med kulturinteresserte sunnmøringar til Hoem og Kvalvåg får å sjå den kjende geitbåten og etterpå, forsamlingshuset Bakketun, for å oppleva atmosfæren der og all kunsten som huset inneheld. Blant anna sceneteppet og fleire store kulisser, måla av den kjende altertavlekunstnaren, Ola ”Kunst” Seter f. 1890 i Halsa. Kunstmålar Omar Kvalvaag, f.1909 på Kvalvåg, er representert med 5 store malerier, bl.a. portrett av Ivar Åsen og Bjørnstjerne Bjørnson, malt i 1931. I tillegg er Erling Hoem og Steinar Kvalvaag, to lokale kunstnera representert, med svært godt resultat.

Read more »

HOEM BYGDELAG