Bygdevandring på Hoem i Gjemnes 27.6.09

Vel 40 frammøtte fekk ei oppleving i finvêret, i ein fantastisk natur, nedover langs elvebreidden, forbi kvernhuset og brua, over eit lite høgdedrag og ned i den vakre Hoemsbukta, der dei sterkaste av oss karane gjekk inn i det 250 år gamle Nylenda-naustet, og kom ut igjen, bærande på eit klenodie, ein 4-roings geitbåt, bygd i Innistua i Varvik i 1850.

Rundt dei utsette langborda ved sjøkanten, fint pynta med villblomster og papptallerkenar med dei herligaste kakestykke, stilna brått praten og spenninga steig, då Oddbjørn Gundersen frå Frei, rak i ryggen som ei geitbåtåre, kom bærande på den lange masta og råseglet og rigginga av geitbåten på land kunne ta til.

Vi var ikkje tunge å be, då Oddbjørn trengde ei hand eller tre, men råsegl-bommen heiste han sjølv og når landvinden fyllte seglet og master-foten knirka i kjølhålet, føltes det som om vi sat på ei tofte i båten, blant seglsteinar og fiskevegn, seglande i 7-knops fart ut mot fiskebankane og stortorsken. Ei stor oppleving for oss alle. Så takk til Oddbjørn og applausen etterpå var vel fortent.

Vi avslutta vandringa på garden Nylenda, der det vart meir kaffi og bakels, etter besøk på stabburet, i eldhuset og den nyrestaurerte bakaromnen. Ikkje før sola gjekk ned, tusla dei siste heim, fulle av inntrykk og god prat og kanskje med eit heimebaka Hoemsbrød under armen.

Stor takk til Hoem bygdelags medlemmar, for ein perfekt dag.

dig_0906174nw

HOEM BYGDELAG