Kuslepp på Nylenda
Etter ei veke med rauting i fjøsen, kom endeleg kuslepp-dagen og to ombreidd, sprengde dei seg ut fjøsdøra, galopperte forbi bislaget og bestemor Ingrid, som stod i spenning og heldt seg fast i dørholet, ned mot opninga i gjærdet og ut på beitet, der løvetanna stod gul og freistande.
Heldige vi som bur på landet og får oppleve denne gledens dag, ved å stå vakt ved grusvegen med ein lang rognepøk i høgrehanda, klare til å gji kyrne ein smekk på bogen om farta blei altfor vill, men det gjekk godt denne gongen og.
Dugnad på Bakketun
Som dåkke ser er vi godt igang med fornyinga av kjøkkenet. Dette viktige tiltaket skal vera avslutta til 17 mai feiringa. Eg vil takke dei som har delteke i arbeidet, og dei som har støtta oss og sett viktigheita av å ha eit funksjonelt og triveleg kjøkken på Bakketun. Takk også til kommunen for pengestøtte.
Formann
HOEM BYGDELAG




