Nyttårsbasar på Bakketun

Laurdag 10. januar blei årets første basar på Bakketun avholdt. Den starta på ettermiddagen kl. 15.30,  og vart avslutta kl.18.00. Veret var fint med lite snø,  så vi kjørde heilt ned til huset. Inne i salen var det godt og varmt, og fint pynta. Vi starta basaren med mat-økta, som bestod av:  nysteikte vafler med rømme og sylte,  påsmurde rundstykker, gulrotkake, kokoskake med sjokolade og nøttekake med krem. Prisen var kr. 5 .- pr. stk for maten og kr.10.- for kaffe og te, med påfyll resten av kvelden.

Etter maten gjekk Lars Kvalvaag fram og las opp ein stil om livet på Kvalvåg då han var ung. Om kjedelig arbeid i nepeåkeren, og turistar frå by`n. Spennande og artigt  å høre om. Etter han,  blei det gitarsolo av Tormod Kvalvaag. Fint spela på ein flott gitar. I tillegg var låten sjølvkomponert. Meget bra!.

Så vart det tid for åresalget. Det gjekk så det susa, og det vart kamp om dei 100 årane.  Det vart 25 trekninga i 2 omganga. I pausen mellom omgangane, gjekk Arne johan Humberset fram og og las ei sjølvopplevd historie frå Nylenda i 2007. Den kalla han for » kjempe-påten», og handla om då bonden på garden hang fast i halsbandet på ei svarte kvige.

Etter  historia blei  siste omgang av åresalget trekt, og praten gjekk lett rundt borda til festen slutta ca kl.18.00. Takk til 17.mai komiteen for ein koselig ettermiddag.

Komiteen: Wenche, Hannelore, Jørn og Erling.

dig_0901017nw
Lars Kvalvaag fortel om då han var ung

dig_0901019nw
Tormod Kvalvaag med flott gitarsolo

dig_0901026nw
Arne Johan Humberset fortel om den svarte kviga og påten

dig_0901024nw
Erna og Ola Lamvik og Marie Olise Kvalvåg leitar fram pengar til åre-selgarane Wenche og Hannelore

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar

HOEM BYGDELAG