Velkomen til Hoem bygdelag’s heimeside. Her får du innsyn i livet på Hoem, før og no og det vi som bur her er opptatt av. Du som besøker oss, må gjerne kome med innspel eller kommentarar til det du finn. Har du bilder eller tekst / historier som kan passe til sia vår, så tar vi imot med takk.

Heldige Marie og Jan som har egen dreng på garden. I sitt 93 år tar Kristen Jonsson Hoem (Myran) framleis på seg viktige jobbar som her, sette opp ein utgard.

Etterpå, med nyheina langorv, gå rundt å slå ned graset som kan vokse opp i strengen.





Therese med "kor"

Hesteskokasting har lang tradisjon

Even i stille lengde. Eit svev på 2.81m

Kvitrosa i godt driv.

To ombreidd og bonden bak.
Etter ei veke med rauting i fjøsen, kom endeleg kuslepp-dagen og to ombreidd, sprengde dei seg ut fjøsdøra, galopperte forbi bislaget og bestemor Ingrid, som stod i spenning og heldt seg fast i dørholet, ned mot opninga i gjærdet og ut på beitet, der løvetanna stod gul og freistande, i full blomst.
Heldige vi som bur på landet og får oppleve denne gledens dag, ved å stå vakt ved grusvegen med ein lang rognepøk i høgrehanda, klare til å gji kyrne ein smekk på bogen om farta blei altfor vill, men det gjekk godt denne gongen og.

Bestemor i dørholet

Magne og Jørund. To av dei som har vore med.
Som dåkke ser er vi godt igang med fornyinga av kjøkkenet. Dette viktige tiltaket skal vera avslutta til 17 mai feiringa. Eg vil takke dei som har delteke i arbeidet, og dei som har støtta oss og sett viktigheita av å ha eit funksjonelt og triveleg kjøkken på Bakketun. Takk også til kommunen for pengestøtte.
Formann

Dei har teke på seg eit stort arbeid, familien i Negarden i Kinna, men som vi ser er arbeidslysta og samarbeidet godt innarbeida i den aktive familien med: Gaute, Mikkel, Therese og Trond.


Christoph med et av de to første lam
Det ble født de første to lam på Nybråten - mor og barna har det bra (19/4.09)
Då er påska over for i år og påsketuristane er på veg heim. Slik som Kjetil Hoem og Mathias oppe i Hommelhagen. Vi som er att på Hoem takkar for laget og ønsker dei god tur på den lange vegen sørover til Oslo.

Mathias og Kjetil

-
Jaktbua blei høgtidleg overlevert på Nylenda - 8/4 2009
Vald-leder Erling Hoem mottar fullisolert og nøkkelferdig jaktbu til bruk under storviltjakta på jaktvald Hoem-øst. Den har fått navnet Hoem`s bu. Trond Hoem har laga understellet, Arne Johan Humberset overbygget. Vi ønsker Erling lykke til, og takkar for det spennande oppdraget.

- Jaktbua innvendig. Kvilebenken til venstre.
Det møtte 11 personer inkl. sittende styre. Regnskap vart opplest og godkjent (Bankbeholdning på kr. 55.465,-).
Valg:
Forman Arne Johan Humberset, Styremedlemmer: Håkon O. Hoem, Jørn Michaelis, Audrun Karlsen, Jørund Kvalvaag. Varamedlemmer: Magne Kvalvåg, Ingvill Hoem. Revisorer: Lars Kvalvaag, Kjell Hoem. Kasserer: Jan Hoem.
Nye leigesatser på huset: en kveld: kr. 400,-, en helg: kr. 1000,-
Forslag til aktivitet: kunstutstilling med Omar Kvalvaag’s bilder, konserter.
Det ble diskutert tiltak til renovering.
Takk til Audrun og Ingvill for påsmurte snitter og kokoskake!
Laurdag 10. januar blei årets første basar på Bakketun avholdt. Den starta på ettermiddagen kl. 15.30, og vart avslutta kl.18.00. Veret var fint med lite snø, så vi kjørde heilt ned til huset. Inne i salen var det godt og varmt, og fint pynta. Vi starta basaren med mat-økta, som bestod av: nysteikte vafler med rømme og sylte, påsmurde rundstykker, gulrotkake, kokoskake med sjokolade og nøttekake med krem. Prisen var kr. 5 .- pr. stk for maten og kr.10.- for kaffe og te, med påfyll resten av kvelden.
Les mer »